Fleire vil studere fransk og tysk

Aukande søkjartal både ved NTNU i Trondheim og Universitetet i Oslo.

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi tolkar dette som ei aukande interesse for framandspråk. Eg har tru på at det kan komme eit oppsving i åra framover, seier instituttleiar Annlaug Bjørsnøs ved Institutt for språk og litteratur ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) til Universitetsavisa.

Både i Trondheim og Oslo er det mange fleire enn i fjor som har tysk og fransk som førsteval, og auken er klar på nesten alle studienivåa. Mellom anna har 81 søkt på dei 20 studieplassane NTNU har ved det norske studiesenteret i Caen i Frankrike, og søkjartalet til bachelorstudiet i fransk i Trondheim har hoppa i vêret frå to til tolv. I Oslo er det dobbelt så mange som har søkt opptak til bachelorstudiet i tysk.

I Bergen har både bachelor- og årsstudia i fransk færre søkarar i år enn i fjor, mens søkinga til tysk er om lag på same nivået som i fjor.

Kanskje lurt at fleire lærer tysk og fransk?: Brexit kan bety slutt på engelsk som offisielt språk i EU