Mange studentar blir mobba

– Svært alvorlege tal.

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ni prosent av studentane ved høgare utdanning seier at dei er blitt mobba, viser ei ny undersøking.

Blant over 3.000 studentar ved høgskular og universitet oppgir rundt 300 at dei blir mobba. Det meste av mobbinga er psykisk og skjer av medstudentar i gruppearbeid eller under forelesninger. Av forskingsrapporten som er utført ved Universitetet i Agder, kjem det fram at også lærarar mobbar studentane.

– Dette er svært alvorlege tal, og det er kjempeviktig at dette kjem fram i lyset og blir tatt på alvor, seier leiar av Norsk studentorganisasjon Marianne Andenæs til nettavisa Khrono.

Andenæs meiner det er naivt å tru at mobbing sluttar når elevane tar høgare utdanning.

Samanlikna med tal frå grunnskulen vert langt fleire under høgare utdanning mobba. Ifølgje Elevundersøkelsen frå 2016 blir 6,3 prosent av elevane på norske grunnskular mobba. Om ein berre reknar med dei som vert mobba av medelevane, er delen 4,6 prosent.

Over 3.000 studentar ved to høgskular og tre universitet har deltatt i spørjeundersøkinga. Definisjonen som er brukt i undersøkinga, seier at mobbing er gjentatte negative handlingar over tid og er karakterisert ved eit ujamn maktforhold. Fleire av studentane seier dei blir oversett, snudd ryggen til og utestengde. Ein del opplever i tillegg verbal mobbing. (©NPK)