Kjøkkenspråket som forsvann
Den siste generasjonen som kan kvensk, er i ferd med å gå i grava. Redningsinnsatsen er i gang, men er det for seint?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Mange seier at det er for seint for kvensk. Det var det for mange, mange år sidan. Me kjem aldri der igjen at folk skal ha det som eit morsmål, og det er heller ikkje utgangspunktet vårt, seier Hilde Skanke.
Den utflytta trønderen er dagleg leiar for Kvensk Institutt i Børselv, men er sjølv berre på frasestadiet i det som kvenane gjerne kallar kjøkken- eller hjartespråket.
Ho jobbar for at språket skal haldast i live, slik at folk framleis kan ha utsikter til å læra det og bruka det.
Skanke er ikkje kvensk sjølv, men har budd i Børselv heile sitt vaksne liv og har kvenske barn. Ho har følgt vekkinga frå tida då det kvenske ikkje var noko ein snakka om, og fram til i dag.
– No føler eg at ting er i ferd med å falle på plass og at interessa i storsamfunnet er i ferd med å vakne.
Forkjempar: Hilde Skanke, dagleg leiar for Kvensk Institutt i Porsanger, gler seg over at unge kvenar er stolte over opphavet sitt.
Arven frå Finland
På veggane heng svart-kvittbilete av kvenar i den tradisjonelle kvendrakta, som kan minne om den samiske kofta.
Kvenane er ei folkegruppe som innvandra frå Finland i to periodar. Mange kom til kyststrøka i Finnmark rundt 16–1700-talet for å drive jordbruk. Den andre store bølgja kom som arbeidsinnvandrarar til Aust-Finnmark på 1800-talet.
Med seg i bagasjen frå Tornedalen i Nord-Sverige og Nord-Finland hadde dei tornedalsfinsk, også kalla meänkieli.
Allereie i vikingtida vart namnet Kvenland brukt om dei nordlege områda aust for Noreg, og då folket vandra, tok dei namnet med seg. Omgrepet kven har vore omdiskutert og mange kallar den dag i dag språket for finsk og kvenane for norsk-finnar, finlendarar eller finskætta.
På 1970-talet kom finske språkforskarar til Noreg for å finne att dei utdøydde dialektane. Det dei ikkje tenkte på, var at kvensk hadde utvikla seg i eit heilt anna språksamfunn.
Den finske språkforskaren Anna-Kaisa Räisänen forklarar at forholdet mellom dagens finsk og kvensk er om lag som norsk og svensk.
Det finst ikkje sikre tal på kor mange kvenar som bur i Noreg, eller kor mange som snakkar språket. Det ein veit, er at språkkunnskapen er forsvinnande liten, og at dei som kan språket er i ferd med å ta med seg kunnskapen i grava.
– Om ingen lærer språket, så kjem det til å døy ut. Slik er situasjonen for kvensk no. Dei yngste som har lært kvensk heime, er rundt 50 år, forklarar Räisänen.
LES OGSÅ: Det hemmelege språket
Stillbilete frå dokumentarfilmen «Det hemmelige språket», som hadde premiere i samband med 10-årsjubileet for kvensk som offisielt språk i Noreg. Foto: Lightsource Film Productions
Fornorskinga
For forskarane som jobbar med det kvenske språket, betyr lokaliseringa av Kvensk Institutt i Børselv at dei sit «midt i smørauga av informantar».
Ein gong i tida snakka så godt som alle i den vesle bygda i Porsanger kommune kvensk. Då kommunen i 2003 offisielt tok namnet Porsanki vart det den einaste trespråklege kommunen i Noreg, og i fjor følgde Kåfjord etter.
I Børselv har det vorte undervist i finsk og seinare kvensk sidan 70-talet, men så seint som på 80-talet var ikkje det å vere kven noko ein snakka om, ifølgje Skanke.
– Eg trur ikkje dei direkte skjemdest over det, men det var ikkje ein snakkis. Dei har jo vore gjennom fornorskinga og dei traumane som følgde med, der dei mellom anna måtte fornorske etternamna sine for å få rett til jordstykke. Dei har jo vore gjennom ein prosess der dei heile tida skulle fornekte kven dei var, forklarar ho.
LES OGSÅ: Mållaget får samisk og kvensk namn
Språkreir
Kvensk har saman med samisk, romanes og romani status som minoritetsspråk i Noreg. Samisk er det einaste av desse fire som er godkjent på nivå tre i Europarådets språkcharter. Med denne klassifiseringa følgjer fleire statlege forpliktingar til å ta vare på språket, enn på nivå to, der kvensk er plassert.
I februar gav regjeringa 2,5 millionar i støtte til ulike prosjekt som fremmar kvensk og kvensk/norskfinsk kultur.
Den største summen gjekk til Kvensk Institutt, som vart stifta i 2005, same år som kvensk fekk status som offisielt språk i Noreg.
I dag jobbar Kvensk Institutt med å samle inn kvenske ord frå ulike dialektar til ordbøkene og lage den første grammatikkboka. I tillegg har dei fleire kulturformidlings- og opplæringsprosjekt.
Eitt av desse er Kvenske språkreir, der 18 born i tre barnehagar i Porsanger lærer kvensk fire timar i veka. I tillegg samlar foreldra seg kvar veke til språktrening på kveldstid.
Gjennom tidleg innsats i barnehagen og samarbeid med foreldra håpar Kvensk Institutt å auke talet på elevar som vel kvensk som andrespråk frå første trinn.
Språkforskar Anna-Kaisa Räisänen meistrar fleire kvenske dialektar både munnleg og skriftleg. Ho lagar eige læremateriell til arbeidet med ungane.
– Språk forsvinn heile tida
– Han er min bror? spør ein av deltakarane prøvande.
Språkforskar Räisänen stadfestar at deltakaren har forstått setninga riktig.
Sjølv om dei fleste av kvinnene som får vaksenopplæring ikkje har lært kvensk i oppveksten, har dei høyrt kjøkkenspråket.
– Spørsmålet er jo om språket vil bli brukt i kvardagen. Det er kanskje litt kynisk, men det er jo slik at språk forsvinn heile tida, seier Katrine Gran Andersen (34).
Småbarnsmora tykkjer likevel det er kjekt å lære meir om den kvenske arven. Sjølv kan ho ikkje meir enn å helse og til nød småprate litt på kvensk, men kanskje kan vesle Erik (7 md.) bli flinkare.
Kult å vere kven
– Håpet er at det skal vekkje ei interesse i ungane, som gjer at dei vil halde fram og at språket kan reddast, seier Kine Øien Gran.
Den 28 år gamle småbarnsmora har lært litt kvensk på skulen, men stort sett har ho fått finsk som erstatning. Dei to yngste mødrene i gruppa merkar at det i deira generasjon har vorte «kult å vere kven».
For foreldregenerasjonen er det annleis; då dei vaks opp, var det å snakke kvensk noko som gav deg ein plass i skammekroken.
Barnehagelærar Edel Skogen Andersen meiner førstehjelpa kjem 30 år for seint for det kvenske språket.
– Det er ein arv som er på veg i grava. Me er ganske fattige, og no prøver me berre å skrape saman det me har, før det er for seint, forklarar 55-åringen.
Ho er oppvaksen i Børselv der kvensk var daglegdags i heimen, men opplevde å bli sendt på norsk internatskule allereie frå første klasse.
Kvensk Ungdomsnettverk brukar Bob Geldof-metoden for å gjera kvenane stolte av språket:
Kven er du?
Jula 2014 lanserte Kveeninuoret – Kvensk Ungdomsnettverk musikkvideoen «Være en kven», ei omskriving av innsamlingsaksjonslåta «Venn». Prosjektleiar Noora Ollila uttala den gongen at dei for fyrste gong på lenge såg lyst på framtida for kulturen.
Skanke meiner å sjå ei slags kvensk oppvakning der unge kvenar vert stadig meir stolte over opphavet sitt.
– Det er blitt viktigare i dag å finne ut kvar du kjem frå og kva du har med deg. Det å vere ein kven handlar ikkje nødvendigvis om at du må snakke språket, men at du føler tilhøyrsle til det kvenske, understrekar ho.
Men ei av dei største utfordringane for kvensk i dag er at det manglar læremiddel, metodar og plattformer for læring.
– I Porsanger er me heldige fordi det har vore undervist i kvensk til og med tiande klasse ei god stund. Men når du ikkje har med deg den språklege tilhøyrsla heimanfrå heller, så har du jo ei kjempeutfordring, seier Skanke.
Steve Samuelsen (46) hugsar godt den tida då ein ikkje skulle lære kvensk.
Lærarutfordring
Men slaget er framleis ikkje tapt. I Børselv kan ein treffe kvenskspråklege på den lokale matbutikken.
– Minun nimi oon Steve. Mie olen Pyssyjoven poika, seier Steve Samuelsen.
Børselvguten, som han akkurat har presentert seg som, sit og kosar seg med kaffi og røyk ute i februarkulda.
46-åringen lærte morsmålet til mor si heime, men minnest at det på den tida var «fy fy å lære kvensk».
– Børselv har vore ein bastion for kvensken i alle år, men no er mange av dei eldre falne bort, seier Samuelsen.
På butikken i Børselv møter me også Tobias Dagsholm Johansen (12), som er ein av dei heldige.
– Det er gøy å lære kvensk, seier sjuandeklassingen.
Han har kvensk bestemor og ser ikkje på det å vere kven som noko negativt. Han har hatt kvensk på skulen sidan første klasse, men for tida har dei ikkje nokon lærar som kan ta seg av kvenskundervisninga.
På Universitetet i Tromsø har dei teke behovet på alvor og sett opp fleire kurs i kvensk, men Hilde Skanke skulle ynskje at språket kom inn i lærarutdanninga.
– Ein kan til dømes ha ei stipendordning a la den samiske, slik at ein motiverer lærarar til å ta kvensk. Det er jo barn og unge som er nøkkelen her, slår ho fast.
Det er stor mangel på både læremiddel og lærarkompetanse i kvensk. Tobias Dagsholm Johansen (12) er ein av dei som har vore heldige og hatt kvenskundervisning frå førsteklasse.
Hjørnesteinen
Ordføraren i Porsanger kommune, Aina Borch, er oppteken av å ha med historia når ein planlegg for framtida.
– Me er ein stor kommune i areal, der bygdene er viktige som språk- og kulturberarar. Børselv har vore ein hjørnestein for det kvenske samfunnet i mange, mange år. Her har du eldsjeler og fagpersonar som har jobba for å setje kvensk på kartet. Me har ressursane, men dei som snakkar språket flytande, er i feil ende av aldersskalaen med tanke på å skape ei framtid for det, seier Borch.
Ordføraren er klar på at grendeskular og barnehagar er viktige for å oppretthalde desse bygdene, men viser til at det òg må vere økonomisk og pedagogisk forsvarleg å drifte desse.
Ho er uroa for framtida til den kvenske bygda Børselv, som slit med fråflytting og per i dag ikkje har eigen barnehage.
– Eg vil seie at me reelt er trespråklege, men om me ikkje klarar å demme opp for den utviklinga me står i, er det fare for at det kvenske språket kan gå i oppløysing. Difor er det viktig å rette merksemda mot å byggje opp og revitalisere det kvenske språket, seier ho.
Ordføraren er oppteken av tidleg innsats i barnehage og skular. Ho jobbar med eit felles skriv frå fleire ordførarar adressert til Universitetet i Tromsø der dei etterlyser ei målretta satsing for å rekruttera kvensklærarar.
– Det er viktig at me som kommune tek ansvar, men me klarar ikkje å løfte saka åleine. Her må alle gode krefter kome saman.
– Det er småpengar det dei gjev til kvensk, som er det mest truga språket i Europa, om ikkje i heile verda, seier ein oppgitt Terje Aronsen, som er slått til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden.
Butikken i Børselv
I eit kaféhjørne på butikken i Børselv sit Terje Aronsen, som fortel at han har vorte skulda for å finne opp kvensk, sidan han var den første som byrja å skrive ned det munnlege språket.
– Eg takkar og bukkar for det, men dei første kvenane kom til Noreg på 1520-talet og så gamal er eg ikkje, smiler 70-åringen.
Hilde Skanke på Kvensk Institutt stadfestar at det er Aronsen sin tekstproduksjon som dannar grunnlaget for ordboka dei no jobbar med. Ho gjev han difor mykje av æra for at kvensk har den posisjonen det har i dag.
Pensjonisten var tidlegare tilsett på Kvensk Institutt, og har kjempa for språket i ei årrekkje. Han er ikkje lenger den optimisten han ein gong var.
– Interessa er aukande, men korleis kan folk lære språket når det ikkje er nokon som kan lære bort? Dei som kan det, fell i frå, og blant dei som får ungar, er det ingen som kan det, seier han.
Den kvenske eldsjela er skuffa over myndigheitene, både lokale, regionale og statlege, som han meiner ikkje ser ut til å bry seg.
LES OGSÅ: Første grammatikkbok på kvensk
Normering
På Kvensk Institutt etterlyser dei også ei meir heilskapleg og langsiktig satsing på kvensk språk i form av faste tilskotspostar.
Sidan kvensk framleis er eit ungt skriftspråk, jobbar Kvensk språkting under Kvensk Institutt mykje med normering. Dei har valt ikkje å basere skriftspråket på ein dialekt, og opnar difor for mykje valfridom.
– Det er jo eit kjempeproblem for oss som jobbar med språket, ler Skanke.
Ho ser likevel verdien i at språket femnar alle, slik at alle kvenane finn sin identitet og føler at det inkluderer dei.
Det er framleis mykje som står att for å få eit fullstendig ordtilfang på alle dei ulike kvenske dialektane. I dag har ordboka rundt 8000 ord.
– I motsetnad til samisk, så kan me ikkje ta bølgja, men for oss er det veldig stort, fordi det gjev oss ein plass å byrje, seier Skanke.
Kvensk Institutt er teikna av arkitektane Odd Østbye og Ingolf Westbø, som har henta inspirasjon frå fjella i området og tradisjonshandverk.
Saka var først publisert i Norsk Tidend.
Faktaboks
• Kveeni/kväani – er det kvenske namnet på både folkegruppa og språket
• Kvenane er ein norsk minoritet som vandra frå Nord-Finland og Nord-Sverige til Nord-Noreg i løpet av fleire hundre år. Dei første kom allereie på 1520-talet, men den største bølgja kom på 1700–1800-talet
• Kvenane fekk status som ein nasjonal minoritet i Noreg i 1998
• Ein reknar med at det bur mellom 10 000 og 15 000 kvenar i Noreg
• 16. mars er kvenfolkets dag
• Den kvenske befolkninga bur hovudsakleg i Nord-Troms og Finnmark.
• Kvensk er eit finsk-ugrisk språk som er nært i slekt med tornedalsfinsk eller meänkieli i Sverige og med nordfinske dialektar. Kvensk vert ikkje snakka i Finland
• Kvensk vart anerkjent som eit eige språk i april 2005.
• Mellom 2000 og 8000 personar i Noreg snakkar kvensk eller finsk, som nokon kallar det
• I 2003 vart Porsanger kommune den første trespråklege kommunen i landet, og i fjor følgde Kåfjord etter
• På kvensk heiter Noreg Ruija og Børselv Pyssyjoki