Bli lærar, få 50.000 kroner sletta av studielånet

Helsing regjeringa.

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er dei som startar på lærarstudiet i haust og som fullfører eit femårig løp, som vil få sletta delar av studielånet sitt.

– Regjeringa og samarbeidspartia Venstre og KrF er samde om å etablere ei ny ordning for ettergjeving av studielån for studentar som fullfører femårig lærarutdanning, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Nyutdanna lærarar kan få sletta om lag 160.000 kroner, rundt halvparten av studielånet. Ordninga gjeld dei som startar på utdanninga hausten 2017 eller seinare.

– Svært god ordning
Ordninga er tredelt. Dei som fullfører femårig lærarutdanning på normert tid, får 50.000 kroner. Dei som fullfører femårig grunnskulelærarutdanning for trinn 1 til 7 på normert tid, får ytterlegare 55.000 kroner. Til slutt får dei som fullfører femårig lærarutdanning og deretter tar lærarjobb i Nordland, Troms eller Finnmark, 55.000 kroner på toppen av det igjen.

– Dette er ei svært god ordning som på det meste vil dekke rundt halvparten av studielånet til nyutdanna lærarar. Dette bør gjere det endå meir attraktivt å utdanne seg til lærar i barneskulen og ta jobb i Nord-Noreg, seier kunnskapsministeren.

Den konkrete innretninga av tiltaka blir omtalt i revidert nasjonalbudsjett i mai. Dette gjeld blant anna kor lenge ein må jobbe som lærar i Nord-Noreg før ein får sletta gjelda.

LES OGSÅ: Regjeringa gir 35 millionar til forsking på læring

Begynnarlønn på 480.000
Frå hausten blir det innført ei ny, femårig lærarutdanning for alle som vil bli lærarar i barne- og ungdomsskulen. Den nye lærarutdanninga gir studentane meir praksis før dei skal ut i jobb – og meir tid til fagleg fordjuping.

– Ved å ta masterutdanninga for lærarar får du ei solid og god utdanning, samtidig som du får god startlønn. Ein lærer med master har i dag ei begynnarlønn på 480.000 kroner, understrekar Røe Isaksen.

Noreg treng over 35.000 nye lærarar dei neste ti åra for å erstatte ufaglærte og lærarar som går av med pensjon.

LES OGSÅ: Lærarstudentar på Stord får læra sirkuskunst!

Studentar: – Nei takk
Norsk Studentorganisasjon slakta forslaget om å sletta studielån for lærarstudentar før jul i fjor:

– Forslaget vil ikkje bidra til at studentane får meir tid eller ressursar til studiane, men derimot premiere dei som allereie lykkast, sa NSO-leiar Marianne Andenæs til NTB.

Ho meiner pengane i staden burde ha gått til å få fleire igjennom studieløpet.

LES OGSÅ: Studentar vil ikkje ha Venstres masterstøtte