Inga nynorskbølgje i Oslo-avisene

Aftenposten, Dagbladet og Dagens Næringsliv held fast på nynorskforbodet, sjølv etter at VG har mjuka opp.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For Dagbladet er det radikalt bokmål som gjeld. Men spaltistar og debattantar som bruker nynorsk står sjølvsagt fritt til å skrive på nynorsk hos oss, skriv sjefredaktør John Arne Markussen i ein e-post til Framtida.no.

Både Dagbladet, Dagens Næringsliv og Aftenposten opnar i dag for innhald frå eksterne skribentar og lesarinnlegg på nynorsk.

Ingen av desse tre avisene har planar om å følgje i VG sine fotspor og la sine eigne journalistar og kommentatorar skriva nynorsk.

– Dette er ein praksis som fungerer godt for DN, og vi har ikkje planar om å endra denne, skriv Amund Djuve, sjefredaktør og administrerande direktør for Dagens Næringsliv i ein e-post til Framtida.no.

LES OGSÅ: Opnar opp for meir nynorsk i VG

– Det er synd at desse avisene har ei slik snever og gamaldags haldning til nynorsk, kommenterer leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

Han meiner det lønar seg å bruka nynorsk, og peikar på at nynorskpublikasjonen Dag og Tid og Klassekampen, som har begge målformer, er i vekst. 

Usikker på nynorske nyheiter
Sjefredaktør i Aftenposten Espen Egil Hansen forklarar at dei har ei språknorm som byggjer på moderat bokmål, men at dei for nokre år sidan starta med forsiktig utprøving av nynorsk.

Dette gjeld saker som Schibsted-avisa har fått av sine søsteraviser Fædrelandsvennen, Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende.

– Enkelte av intervjua me får, særleg frå Bergens Tidende er no på nynorsk. Til no har me meint at språket er ein så viktig del av identiteten vår at det skal me halde på. Samstundes er me søkjande, og det er ein diskusjon der me ikkje har konkludert, forklarar Hansen.

LES OGSÅ: – For lite nynorsk i riksmedia, seier Røe Isaksen

Hansen sat sjølv i sjefsstolen då Aftenposten i 2014 fekk kritikk for å omsetja Jon Fosse sitt intervju med Bergens Tidende-journalist Siri Økland til bokmål.

– Den saka var dårleg handtert, og me endra policy, medgjev Hansen.

–  Eg trur det er eit uttrykk for at språk og språknormer utviklar seg, og slik skal det vere. Fosse er det heilt meiningslaust å omsette, men eg er meir usikker når det gjeld nyheitsjournalistikk, seier han.

Redaktøren er open for å testa ut om deira lesarar forstår nyheitsstoff på nynorsk frå Bergens Tidende, men kan ikkje lova at Aftenposten sine eigne journalistar byrjar å skriva nynorsk med det første.

LES OGSÅ: Nynorskbrukarar takkar BT

VG-jubel
Førre veke fortalde VG-redaktør Gard Steiro at han vil mjuka opp nynorskforbodet i landets største tabloidavis.

– VG har som ambisjon å vera ei nyhendeavis for heile landet. Då må det òg vera rom for nynorsk i nyhendejournalistikken, utala Steiro til Framtida.no.

Landets største avis har frå før godkjent bruk av nynorsk på debattplass, i enkelte bokmeldingar av nynorske bøker og i enkelte saker som har handla om nynorsk. Men saka om «verdas tyngste kvinne», som stod på nett 10. mars og på papir dagen etter, skal vera den første vanlege nyhendesaka som er skrive på nynorsk i VG sidan starten i 1945.

Denne veka følgjer dei opp med VG+-saka «20 skular forsvann i Ivar Aasen-land».

– Ein ting er å seie at dei skal opne for meir nynorsk, men no stadfestar dei det i praksis. VG har no fått auka kredibilitet, jublar Aasbrenn.

Han håpar no på så mange nynorsksaker i VG at han ikkje har kapasitet til å tvitre om alle.