Stigande status for yrkesfaga
Fleire ser verdien av praktisk arbeid, viser ei ny undersøking. Også søkartala er på veg opp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Undersøkinga viser at det er mange fleire nordmenn som meiner statusen til yrkesfaga er stigande enn fallande. 35 prosent svarar at dei opplever at yrkesfaga har fått auka status, mens berre 11 prosent meiner statusen til faga har dalt.
Samanlikna med tala frå ei tilsvarande undersøking i 2015 er det tydeleg at statusen til yrkesfaga er på veg oppover.
Stigande status og søkartal
Tidlegare denne veka kom søknadstala til vidaregåande utdanning. Dei bekreftar inntrykket: 48 prosent av elevane som har søkt vidaregåande utdanning har søkt seg til yrkesfag frå hausten av, mot 47 prosent i fjor. 52 prosent av elevane har i år søkt på eit studieførebuande utdanningsprogram. Forskjellen mellom dei to studieretningane blir altså stadig mindre.
LES OGSÅ: Fleire elevar søker helsefag
I undersøkinga, som er utført av Norstat for Rørentreprenørene Norge, svarar 30 prosent av dei spurde at venner, kollegaer, kjenningar og familie meiner at studiespesialiserande fag har høgare status enn yrkesfag. I 2015 var det nærmare halvparten som meinte det same.
– Opnar moglegheiter
– Kva foreldre og omgjevnadar meiner om utdanningsval er viktig for unge. No trur vi fleire har fått med seg at yrkesfag opnar mange moglegheiter og at det igjen påverkar folks haldningar, seier utdanningsansvarleg Are Skaar Nielsen i Rørentreprenørene Norge.
LES OGSÅ: Betre trivsel på yrkesfag
I Oslo er folk framleis meir avventande til yrkesfag. 39 prosent av dei spurde i hovudstaden svarar at omgjevnadane meiner yrkesfag har mykje eller litt lågare status enn studiespesialisering. Men også i Oslo skjer det endringar, i 2015 var delen som meinte tilsvarande 48 prosent.
Ikkje alt er idyll: Yrkesfagelevar blir meir mobba