– Engasjement er ein fantastisk ting

Den nye OD-leiaren brenn for at ungdom skal få oppleve kor gøy det kan vere å engasjere seg

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare denne månaden var over 500 elevar frå heile landet samla på Elevtinget 2017. Der valte dei Sandra Skiaker (19) frå Akershus til ny leiar av Operasjon Dagsverk. Elevtinget bestemte også at Operasjon Dagsverk 2017 skal gå til ungdom råka av oljekatastrofa i Nigeria. Skiaker fortel at ho vil gjere Operasjon Dagsverk til ei engasjerande greie for fleire ungdom.

Gratulerer med vervet! Korleis er det å bli valt?

– Det er skikkelig kult å få så stor tillit! Operasjon Dagsverk betyr mykje for mange, og informasjonen vi gir til norsk ungdom er viktig.

– I tillegg er det sjølvsagt stort å få jobbe saman med ungdom i Nigeria, om det som vert kalla verdas største oljesøl! Det er ei stor ære.

Kva vil Operasjon Dagsverk merka av skilnad med deg som leiar?

– Målet er at Operasjon Dagsverk skal bli ein engasjerande og kul greie for fleire ungdom. Anten om det er på skulen som elev, som medlem i skulekomiteen eller ved å engasjere seg på regionalt eller nasjonalt nivå.

– Eg vil at alle skal vite om Operasjon Dagsverk og få moglegheit til å oppleve kor kult og gøy det kan vere å engasjere seg!

LES OGSÅ: Rahman Chaudhry (19) er ny leiar i Elevorganisasjonen

Kvifor er det bruk for Operasjon Dagsverk?

– Kvart år jobbar rundt 100 000 norske elevar på OD-dagen i solidaritet med ungdom i sør. Det er viktig fordi ungdom i Noreg treng å forstå at ungdom i verden er like. Men at vi har forskjellige utgangspunkt for grunnleggande rettigar, slik som reint vatn, trygg utdanning og rett til å bestemme over eigen kropp.

– Vi treng å forstå at verda er urettferdig, mellom anna fordi vi tar val i den vestlege verda som ødelegg moglegheitene for ungdom i sør.

Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– På mitt første seminar med Operasjon Dagsverk opplevde eg eit stort samhald på grunn av at alle hadde eit felles engasjement, og engasjerte kvarandre. Engasjement er ein fantastisk ting. Anten om du engasjerer deg i politikk, ein organisasjon eller ein hobby, er det så utruleg viktig å ta i bruk moglegheitene til å påverke.

– Det er vi, ungdommen, som snart skal ta over verda, difor må vi vise kva verd vi ønsker å leve i!

LES OGSÅ: I fjor gjekk OD-midlane til Colombia. No er landet på veg mot fred

Kva er hjartesakene dine?

– Ungdomsengasjement og ungdomsdeltaking er viktig for meg. Ungdom må bruke stemma si til å påverke, handa si til å kjempe og engasjementet sitt til å engasjere andre!

Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Operasjon Dagsverk er av, med og for ungdom. Elevar på skulane evaluerer OD-hausten på sin skule og sender inn sine tilbakemeldingar til OD sentralt. På den måten får vi ein brei og variert tilbakemelding.

– Det er ungdom som lagar informasjonskampanjen, ungdom som jobbar på OD-dagen og ungdom som mottek midlane. Det er ungdom i alle ledd.

LES OGSÅ: I 2015 gjekk OD-midlane til seksualopplysning