Betre trivsel på yrkesfag
Yrkesfagelevar trivst betre på vidaregåande enn på ungdomsskulen. Dei taklar også overgangen til ny skule betre enn elevar på allmennfag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det viser ei ny undersøking. Forskarar ved NTNU har bede 1.181 skuleelevar svare på spørsmål om livet på skulen og førebuingar til vidaregåande. Første runde av undersøkinga blei gjennomført våren i tiande klasse, med ei ny runde etter at dei starta på vidaregåande om hausten, skriv Klassekampen.
Dei elevane som starta på yrkesfag takla overgangen til vidaregåande betre, og dei treivst betydeleg betre enn på ungdomsskulen. Dei hadde også meir realistiske forventningar til skulen og eigne prestasjonar.
– Overgangen til vidaregåande blir opplevd som veldig positiv for yrkesfagelevane. Og eg trur yrkesfaga gjer noko rett ved at dei har noko mindre grupper, engasjerte lærarar og at elevane får kjensla av å gjere noko meir praktisk. Dette er elevar som har lyst til å jobbe, seier Per Egil Mjaavatn ved Institutt for pedagogikk og livslang læring ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Han og kollega Per Frostad står bak undersøkinga.
Både gutane og jentene på yrkesfag opplever styrkt fagleg sjølvtillit når dei startar på vidaregåande, og eigeninnsatsen auka. Dei jamaldrande på studieførebuande retning – også kjent som allmennfag – står på staden kvil.