Rapport: Éin av ti menn utsett for overgrep

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Veldig mange tør ikkje stå fram. Årsaka til det er at informasjonen om kva som er seksuelle overgrep mot gutar og menn, og kunnskapen om det, er for liten, seier leiaren for Reform Are Saastad til NRK.

Reform har saman med fleire samarbeidspartnarar foreslått fleire tiltak som skal bli overlevert helseminister Bent Høie (H) i håp om at han vil ta politiske grep som kan avlive nokre av mytane rundt seksuelle overgrep mot menn.

– Ein nasjonal informasjonskampanje, meir forsking, seksuelle overgrep inn i pensum i skulane og fleire menn i helsefaglege yrke er blant tiltaka som må bli sett i verk, meiner Saastad.

I tillegg må ein erkjenne at også kvinner gjer seg skuldig i overgrep, peiker på fagfolka bak rapporten. Ifølgje rapporten opplyser rundt halvparten av alle mannlege ofre at overgriparen har vore ei kvinne.

LES OGSÅ: Lærarstudentar kan for lite om seksuelle overgrep