Rekordmange medlemer i Mållaget
Noregs Mållag talde denne veka 12.362 medlemer, det høgste medlemstalet på 25 år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rekordmange medlemer
– Dette er ei sann glede, smiler Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.
Denne hausten har diskusjonen rundt administrasjonsspråk i ein eventuell Vestlandsregion med Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland synt at nynorsken framleis har sprengkraft. Sidan saka vart kjend har Mållaget fått over 550 nye medlemer over heile landet.
– Vi får nye medlemer i heile Noreg. Medlemsrekorden vitnar om eit stort nasjonalt engasjement for nynorsken, seier Magne Aasbrenn. Dette såg ein også i høyringa om Vestlandsregionen, der heile 705 av dei totalt 858 fråsegnene ynskte nynorsk som administrasjonsspråk.
– For organisasjonen er det viktig å ha mange medlemer. Det gjev oss betre gjennomslagskraft. Det er godt å sjå at dei som vil nynorsken vel melder seg inn hjå oss. Vi har alltid plass til fleire, seier Magne Aasbrenn.