Kva tyder «uffda» og kan skandinavar lesa runer?

Dette lurer Internett på om norsk språk!

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette lurer utlendingar på om norsk

ABC Nyheter har gått gjennom spørsmåla som blir stilt om Noreg på spørjesider på nettet som Quora og Yahoo Answers. Av dei 5 000 spørsmåla utlendingane har stilt i år, handlar veldig mange om språk.

Kva språk brukar nynazistar?
Spørsmåla gjer det tydeleg at mange er nyfikne på språk- og dialektmangfaldet me har i Noreg og Skandinavia. Éin brukar lurer på korleis det står til med språket Ivar Aasen skapte:

«How successful is Nynorsk?»

Her vil det nok vera delte meiningar om kva som er rett svar. Med så mange ulike variantar av norsk, er det uansett ikkje lett for ein utlending å vita kva ein kan bruka kor og når:

«Can I speak Bokmål in Oslo and Stavanger, Norway?»

Nokon er interesserte i koplinga mellom språk og politikk, og lurer særleg på kva språkvariant som blir brukt av norske høgreradikale:

«Do Norwegian Nazis/nationalist prefer Bokmål, Nynorsk, or other variant(s)?»

Fleire lurer på kor godt svenskar, danskar og nordmenn forstår kvarandre når dei snakkar sitt eige språk, om det er det same kva av nabospråka ein lærer seg, og om nokre norske dialektar liknar svensk. Nokon lurer dessutan på om svensk og norsk blir skrive på same måten med dei japanske skriftteikna kanji!

Kan du tyda dette? Runer på Eggjasteinen i Sogndal. Foto: Arild Finne Nybø / Flickr / CC BY-SA

Kva er det vakraste ordet?
Utlendingar blir ofte imponert av engelsknivået til oss nordmenn. Difor kan dei også bli skuffa og frustrerte når me ikkje slår om så lett. Denne utvekslingsstudenten har sett seg lei på at norske medstudentar snakkar norsk til kvarandre i kantina:

«Why would Norwegians speak Norwegian around a person who doesn't understand it, even though they speak perfect English?»

Gjennom film, TV og bøker har vikingane og kulturen deira reist ut i heile verda, også i vår tid. Nokon lurer på kor høgt den norrøne kulturarven står i kurs blant dagens skandinavar:

«How many people in Scandinavia can actually read runes nowadays?»

Ein annan brukar leitar etter eit norsk namn på hytta si, og spør rett og slett:

«What do you think is the most beautiful Norwegian word?»

Blant svara finn me forslag som «lapskaus» og «fivreld». Om den som stilte spørsmålet har følgt eit av desse råda, veit me ikkje.

Uff, då!
Eit norsk uttrykk nokon stussar på, er det me seier når nokon fortel om noko leit som har skjedd:

«What does ‘uffda’ mean in Norway?»

Kanskje brukaren har sett den vanlege interjeksjonen på t-skjorter og skilt i Midtvesten. «Uffda» er nemlig mykje brukt som kulturell markør blant norsk-amerikanarar. Butikken Ingebretsen’s i Minneapolis, Minnesota sel til og med eit potetlefse-snacks som heiter «Uffda chips»! Fenomenet er omtala hos Wikipedia.

Andre spørsmål er det vanskelegare å forstå bakgrunnen for. Nokon lurer til dømes på tydinga av eit litt merkeleg gatenamn i Egersund i Rogaland:

«How do I translate the road of The Norwegian: Ystebrodveien?»

– Bli kvitt æ, ø og å!
Også Språkrådet får spørsmål frå utlendingar om det meste som gjeld norsk språk, fortel rådgjevar Bård Eskeland til Framtida.no. Fleire vil vite meir om den norske språkstriden, og nokon som skal flytte til Vestlandet lurer på korleis dei kan lære nynorsk.

Ein potensiell tilflyttar frå Ecuador klagar over at det ikkje finst tilbod om norskundervisning i heimlandet, og lurer på om det hjelper å læra nederlandsk i staden. Frå Tsjekkia har nokon spurt etter eit passande norsk namn til ein sykkelekspedisjon i Noreg.

Ein amerikanar har dessutan kontakta Språkrådet for å be oss om å bli kvitt dei «idiotiske» særnorske bokstavane æ, ø og å – og avslutta meldinga med «Have a nice day!».