Klimaforsking utan påverknad på budsjettet
Miljøorganisasjonane rasar og klimaforskarane er oppgitte, men Forskingsrådet tykkjer det er eit «godt forskingsbudsjett». Korleis heng dette saman?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Klimaforsking utan påverknad
I går la regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet fram sitt forslag til statsbudsjett for 2017. Det såkalla «grøne skiftet» vart det ingenting av.
Ambisjonane til regjeringa er ein utsleppsreduksjon på 2 prosent fram til 2030. Det er milevis unna målet om å kutta 40 prosent av utsleppa i Noreg.
Klimaforskarane i CICERO reagerer slik:
Ikke grønt, men grått skatteskifte. -Hva med utslippsreduksjonene?- @SKallbekken og @BorgarA om #statsbudsjettet https://t.co/TW8RenIwP2
— CICERO (@CICERO_klima) October 6, 2016
Nina Jensen i WWF Noreg meinte statsbudsjettet var ein avskjedssøknad frå regjeringa:
Erna Solberg og Siv Jensen sier «morna» til det grønne skiftet i forslaget til statsbudsjett. Avskjedssøknad sendt @Trinesg #statsbudsjettet
— Nina Jensen (@Nina_Jensen) October 6, 2016
Reaksjonane frå store forskingsinstitusjonar og organisasjonar er derimot heilt annleis.
Forskingsrådet meiner statsbudsjettet viser «at regjeringa satsar på forsking for å løyse samfunnsutfordringar»:
#statsbudsjettet viser at regjeringen satser på forskning for å løse store samfunnsutfordringer https://t.co/HefrEsk42U pic.twitter.com/B49ynFw2A2
— Norges forskningsråd (@forskningsradet) October 6, 2016
Forskerforbundet, medlemsorganissasjonen for 20.000 tilsette i forsking og høgare utdanning, meiner det er eit «solid kunnskapsbudsjett»:
Alt i alt et solid kunnskapsbudsjett, men stortingshøsten bør sikre tiltak rettet mot de unge forskerne:https://t.co/06V5jtdspR
— Forskerforbundet (@Forsker) October 6, 2016
Universitetet i Bergen er også nøgde med statsbudsjettet:
UiB om #statsbudsjettet: en reell økning til forskning og utdanning i Norge. https://t.co/494O4Av8q7 pic.twitter.com/u5VdDjf9Ld
— Universitetet Bergen (@UiB) October 6, 2016
Det er forståeleg at forskingsorganisasjonane er nøgde med deira del av budsjettkaka. Eit auka forskingsbudsjett sikrar arbeidsplassar, innovasjon og omstilling i næringslivet. Det treng vi.
Men vi treng meir enn berre finansiering av forsking. Vi treng også vedtak som er basert på resultat frå forskinga. Når regjeringa sitt forslag til statsbudsjett ikkje er i tråd med svært tydelege forskingsresultat frå eit samla, internasjonalt forskingsmiljø, er det eit tydeleg signal om at regjeringspartia ikkje vurderer forskingsresultata frå tidlegare statsbudsjettkroner som viktige.
Det er overraskande at forskingsinstitusjonane er positive til eit statsbudsjett som gir meir til forsking, men som samtidig ikkje vil høyre på resultata frå forskinga.