Lege: – Folk flest veit for lite om kvinnekroppen

Legane Ida Kathrine Gavensteen og Nojoud Koubaa meiner debatten rundt jomfrusjekk har vist at det er alt for dårleg kunnskap i samfunnet om underlivet til kvinner. No vil dei ha betre seksualundervisning i skulen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk flest veit for lite om kvinnekroppen

Fleire medier har i den siste tida skrive om myten om jomfruhinna og om norske legar som gjev «jomfrusjekk». 28. august skreiv Izra Zariat om minoritetsjenter som blir tvungne på jomfrusjekk for at foreldra skal vite om dottera har hatt samleie. Religionsvitar Sissel Undheim følgde opp med at jomfruhinna ikkje finst, det same gjorde lege Marius Johansen og medisinstudentane Ellen Støkken Dahl og Nina Brochmann.

Til slutt engasjerte helseminister Bent Høie seg i saka, og skriv mellom anna at: «jomfrusjekk er ei krenking av norske jenter. Og eg vil ikkje ha noko av det.» 

 Etterspørselen er tuftet på tradisjoner fra kulturer der den kollektive kontrollen av kvinners seksualitet står ekstra sterkt. Når kvinner skal inngå ekteskap forventes det at «varen er ny». Blør hun ikke på bryllupsnatten risikerer hun å bli sendt i retur, med mindre en legeattest kan bekrefte at «jomfruhinnen er intakt», skriv Gavensteen og Koubaa i kronikken.

Dei skriv vidare at Koubaa i fleire år har forsøkt å forklare jenter med minoritetsbakgrunn at slike testar er skadelege. Då blir ho stempla som vulgær og svara med at «ho ikkje veit kva ho snakkar om» – trass i seks år med legeutdanning. 

Lite kunnskap om kva som er normalt

Kathrine GavensteenFramtida har tatt ein prat med Ida Kathrine Gavensteen om kvinnekroppen.

 Er det for lite kunnskap om kvinnekroppen i Norge i dag?

 Ja, folk flest manglar ein del kunnskap om kvinnekroppen, særleg om underlivet til kvinner. Samstundes med at ein i lang tid har normalisert ulike versjonar av menn sine kjønnsorgan, er det mange som ikkje er klare over korleis jenter sine kjønnsorgan faktisk ser ut, og den store variasjonen som finst, forklarer Ida Kathrine Gavensteen.

Ho jobbar i Sex og samfunn helsestasjon, og er i tillegg forskar på kvinnehelse. Som lege kan ho fortelje at mange jenter spør om dei ser normale ut nedantil når dei kjem på gynekologisk undersøking.

– Enkelte kan til dømes føle at dei er lite attraktive fordi dei har assymmetriske kjønnslepper, eller at det er avvikanda når dei indre kjønnsleppene heng utanfor dei ytre, sjølv om dette er heilt vanleg. I nokre tilfelle ønsker jenter å operere eit normalt underliv. Dette handlar om lite kunnskap om kva som er naturleg, og om kroppspress, seier ho.

 Seksualundervisinga bør bli styrka

For mens kvinnekroppen alltid har vore gjenstand for objektivisering, så er forsking på seksuell helse blant begge kjønn relativt nytt, ifølgje legen.

 – Å innhente medisinsk kunnskap om kvinner sine underliv og seksuell helse har hatt mindre fokus. Fagpersonar må i første omgang få meir kunnskap. Seksualundervisinga i skulen bør bli evaluert og styrka. I tillegg må ein endre haldningar, redusere objektiviseringa av kvinner, og å finne helsefremmande kunnskap gjennom forsking, seier Gavensteen.

Seier mykje om forventningar til ulik seksualitet

– Kva slags konsekvensar får det at unge jenter og gutar trur at jenter har ei jomfruhinne? Seier det noko om kvinnediskriminering?

– Eg trur myten seier noko om kvinnediskriminering og ulike forventningar til kvinner og menn si seksualitet. Jomfruhinna har til alle tider vore brukt for å kontrollere kvinner si seksualitet. At kvinner helst skal vere jomfruer, mens menn får sosial status av ei sterk seksualdrift og fleire partnarar. Myten vil oppretthalde desse forventningane, seier Gavensteen.

– Er det framleis slik at mannskroppen er normen, og då særleg i forsking?

– Historisk sett er han jo det. Det betyr at vi har mange tiår med forsking på mannskroppen som vi kan bygge vidare på, medan kunnskapen om kvinnekropp og kvinnehelse heng etter. Eg trur vi vil se ein endring i framtida – til dømes er det blitt eit krav frå mange etiske kommitear at forskingsprosjekt skal inkludere begge kjønn.

Ho understrekar likevel at ein del forsking må ekskludere eldre, sjuke, ammande og gravide, på grunn av risiko for testpersonane. Slik er det lettare å teste på friske, unge menn som ikkje er påverka av menstruasjonssyklusar eller andre, kompliserande faktorar.

– Ulempen blir då at resultata ikkje er gyldige for andre grupper, som ikkje blir undersøkt, seier Gavensteen.