Nedbemanning går ut over kvinner og minoritetar
Undersøkingar frå USA viser at å nedbemanne etter ansiennitet og typar stillingar går utover kvinner og minoritetar, medan nedbemanning etter arbeidsvurderingar ikkje gjer det.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nedbemanning går ut over kvinner
Når ein nedbemannar etter ansiennitet vert ein ofte kvitt dei ein har brukt ekstra energi på å rekruttera, skriv førsteamanuensis i sosiologi ved Universitetet i Tel Aviv, Alexandra Kalev, i Harvard Business Review.
Undersøkingar ho har gjort blant 800 amerikanske firma viser at å kutta etter ansiennitet førte til at delen kvite kvinner blant leiarar og mellomleiarar fall med 19 prosent og delen asiatiske menn med 14 prosent.
Å kutta etter typar stillingar er verst for mangfaldet. Då fall delen kvite kvinner med 22 prosent, svarte menn 15 prosent, latinamerikanarar 13 prosent for menn og 9 prosent for kvinner, og asiatar 18 prosent. Dette er fordi kvinner og minoritetar oftare jobbar på område utan for kjerneverksemda, som personalavdeling, lovavdeling eller med kommunikasjon.
Nedbemanning etter å ha vurdert arbeidet gav ingen nedgang for kvinner og minoritetar som leiarar og mellomleiarar. Sosiologen forklarer det med at ein ved slik vurdering må tenkja nøye over kven ein vil halda på, i staden for kutta på upersonlege måtar som ansiennitet eller typar stillingar. (©NPK)