Vi lever i 2016. Verda vert stadig meir urban, «alt» er på nett og mindretalet av norske ungdomar har klappa ei ku.
Levande bygder i 70 år til!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Å bu på landet vert sett på som ein «romantisk draum», sjølv om fråflytting er meir vanleg enn tilflytting til bygdene. Til og med i bygdene skjer ei sentralisering der fleire flyttar til tettstadene. I år feirar Norges Bygdeungdomslag 70 år, kva lærdom tek vi med oss og kva ynskjer har vi for dei neste 70?
I dag opplever vi at bygdeverdiane styrker seg, og særleg gjennom debatten om ny kommunestruktur. Det kjem tydeleg fram at folket verdsett nærleik til lokale tenester, alt kan ikkje løysast over nettet! «Vi blør ikkje mindre på bygda enn i sentrale strok», ein treng legar, politi og politikarar med lokalkunnskap i bygde-Noreg, også i framtida. Bygdeungdomslaget arbeider for levande bygder- det har vi gjort i 70 år, og det skal vi gjere dei neste 70 også!
Det er interessant å sjå korleis bygdeungdomslaget veks, når dei fleste andre statistikkar som gjeld bygda går motsett veg. Trass i at færre har eit forhold til bygda, har medlemstalet til Norges Bygdeungdomslag auka kvart år dei siste 20 åra. Sidan Norges Bygdeungdomslag vart skipa i 1946 har by og land vore i stadig utvikling. Når bygdefolket gjennom generasjonar har vore med å utvikla bygda til det den er i dag, må bygdefolket sjølv også få vera med å forme den framtidige bygda. Vi meiner at tvangssamanslåing av kommunar ikkje er svaret, avgjersla burde takast på lokalt nivå, i kvar einskild kommune. Vi slår eit slag for lokaldemokratiet og lokalkunnskapen, saman skal vi finne løysingar på morgondagens utfordringar!
Korleis kan vala vi tek i dag påverke våre barnebarn? Tradisjon er viktig på bygda og bygdeungdomslaget har gjerne vore ein del av oppveksten for fleire generasjonar. Opplevingane i bygdeungdomslaget kan gjerne ha vore dei same for barnebarna som for besteforeldra. Både tidlegare generasjonar og dagens ungdom kan ha prata om landsleir, gardsdrift, bygdefestar eller odel, og ha vorte noregsmeister i eksteriørdømming eller blautkakepynting. Det ynskjer vi at dei kan få halde fram med, men vi ynskjer også at framtidas ungdom skal kunne bu i ei bygd der avgjerslene takast på lokalt nivå.
Gjennom å skape møteplassar for bygdeungdomane ynskjer vi å sikre rekrutteringa til framtidige bygder, og ta vare på kultur og tradisjonar. Det er viktig å sjå mogelegheitene, for ingen flyttar til bygda dersom det er mangel på tilbod. Norges Bygdeungdomslag vil også i framtida verdsette lokaldemokratiet og verne om dei gode bygdemiljøa!