Éin av ti nordmenn opplever at barn slit fordi foreldra drikk

AV-OG-TIL er redd for at vaksne altfor ofte vegrar seg og er redde for å gripa inn fordi alkohol framleis i stor grad er eit tabulagt tema i samfunnet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barn slit med fulle foreldre

Saka er henta med velvilje frå Grannar

Kampanjeorganisasjon for alkovett, AV-OG-TIL ynskjer fokus på upassande drikkekultur som berører barn og andre. Spesielt i ferietida er dette eit problem som dei vaksne bør ha i tankane.

Verken Etne eller Vindafjord kjem særleg godt ut i ei landsomfattande undersøking AV-OG-TIL, der båe kommunane er medlemmar, nyleg har fått utført av Ipos MMI. Mange av dei spurde har lagt merke til at barn slit fordi foreldra eller andre i familien drikk for mykje.

— Grip inn
Leiar i AV-OG-TIL, Kari Randen meiner det er grunn til ta undersøkinga på alvor, og at vaksne generelt skal gripa inn når barn slit i slike situasjonar.
— Er du uroleg for eit barn, bør du ta magekjensla på alvor. Dersom du legg merke til at eit barn slit, er det utruleg viktig å ta kontakt med barnet og visa at du bryr deg, og ikkje minst at du ser kva som skjer, seier Randen.

Ho viser til at dei som har vakse opp i heimar med høgt alkoholkonsum, seier at noko av det aller vanskelegaste var tanken på at alle rundt dei visste, men at ingen sa noko.

— Det blir eit dobbelt svik mot dei små. Her har me alle eit ansvar, seier AV-OG-TIL-sjefen.

Lokale tal
Den landsrepresentative undersøkinga viser at 13 prosent av dei spurde i Etne kommune svarar at dei har lagt merke til barn som slit. I Vindafjord svarer endå fleire at dei har opplevd det same, heile 15 prosent.

Kari Randen er redd for at vaksne altfor ofte vegrar seg og er redde for å gripa inn fordi alkohol framleis i stor grad er eit tabulagt tema i samfunnet.

— Det er klart at det kan vera ubehageleg å gripa inn, men det er heilt nødvendig dersom barna og dei vaksne skal få hjelp. Omsynet til dei små må komma først. Dersom eit barn held på å drukna, tenkjer me ikkje at det er ekkelt å bli våt. Me stuper uti for å hjelpa, seier ho.

Skal lite til
SLT-koordinator i Etne og Vindafjord kommune, Carina Hornenes synest det er viktig å fokusera på dette temaet lokalt. Ho er uroa over dei høge lokale tala, og synest vaksne generelt må ta eit ansvar.

Forutan SLT-koordinator Carina Hornenes, består Av-og-til Teamet i Etne og Vindafjord av frisklivsrettleiar i Etne, Maria Sørhaug Landro, psykiatrisk sjukepleiar i psykisk helse i Etne, Liv Sigrun Kringlebotn, leiande helsesøster i Vindafjord, Maren Tjelmeland og leiar for familierettleiarane i Vindafjord, Brit Nelly Ness Tveit.

Mange vaksne endrar drikkevanar om sommaren, og dette gjeld ikkje berre dei utsette barna, men også den «vanlege» familien.

— Me vil utfordra alle til å tenka over sitt eige alkoholforbruk i samvær med borna. Då er kampanjen «Kor mange glas tåler barnet ditt» treffande. Helsestasjonane i Etne og Vindafjord har kontinuerlig fokus på alkovaner hjå vaksne og snakkar med foreldra om dette, på ulike konsultasjonar, og det er lagt opp til to kampanjar i år med tema «Kor mange glas tåler barnet ditt». Den første er nå, før sommarferien, den neste er før juleferien. Me vil også ha stand på Etnecup, der fokuset der vil vera godt alkovett i idrettslag og det å vera gode trenarforbilde for borna, seier Carina Hornenes.

Gode råd
AV-OG-TIL kjem med desse gode råd i situasjonar som gjer deg uroleg:

Snakk med barnet:

Dersom det gjeld eit barn i nærmiljøet – ta kontakt med barnet. Still opne spørsmål. Bruk namnet til barnet og vis at du blir glad for å sjå det. Inviter gjerne barnet med på ting. Når barnet er blitt fortruleg med deg, går det an å spørja: «Du ser litt trist ut i dag, er det noko som plagar deg?» Snakk aldri nedsetjande om foreldra til barnet. Då kan du støyta bort barnet.

Snakk med andre vaksne:

Det kan vere lurt å dela uroa med nokon andre som kjenner barnet, til dømes ein lærar eller helsesøster. Ser dei det same som deg? Dersom du framleis er uroleg, kan du ringje barnevernet. Då får du snakke med ein barnevernskonsulent. Du kan vera anonym dersom du ønskjer det, men det aller beste er om du oppgir namnet ditt. Ta kontakt med hjelpeapparatet, til dømes med barnevernsvakta, dersom du observerer omsorgssvikt. 116 111 er alarmtelefonen for barn og unge. Frå utlandet ringjer du 00 47 954 11 755.

Fleire relaterte saker:

Ungdom drikk og røyker mindre. Men dei slit meir psykisk.

Seks av ti meiner det er for mykje drikkepress. KrF-veljarane opplever mest.

Nesten ni av ti veit ikkje at det kan vere ein samanheng mellom alkohol og allergi.

Faktaboks

Ei måling gjennomført av Ipsos MMI på vegner av AV-OG-TIL. I ei gruppe på 5098 personar sa 9,9 prosent at dei hadde lagt merke til barn som slit fordi foreldre eller familiemedlemmer drikk for mykje dei siste 12 månadane. Undersøkinga vart gjennomført i februar og mars 2016.