Lærarar får praksis i barnehagar og på vidaregåande
Lengre og meir variert praksis er blant endringane i den nye femårige mastergraden for grunnskulelærarar som startar opp hausten 2017.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utvida praksis for lærarar
Talet på praksisdagar blir auka frå 100 til 110, pluss fem dagars observasjonspraksis. Lærarane på barnetrinnet skal ha fem dagars praksis i barnehage, og lærarar på 5. til 10. trinn skal ta delar av praksisen på vidaregåande skule.
– Ved å gi framtidige lærarar praksis i barnehagen, kan vi førebu dei på å gi førsteklassingane ein trygg og god start på skulen, meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Nok fagleg tyngde
Ifølgje rammeplanen for den femårige lærarutdanninga kan masteroppgåva til lærarstudentane ta utgangspunkt i eit undervisningsfag eller i pedagogikk. Alle oppgåvene må knytast til jobben som lærar.
– Nyutdanna lærarar skal ha med seg nok fagleg tyngde til å kunne vere kritiske, stille spørsmål og reflektere over eiga undervisning. Dei skal vere oppdaterte på relevant forsking og vere i stand til å prøve ut nye undervisingsmetodar i klasserommet, seier Isaksen.
– Altfor mange norske elevar går i dag ut av skulen utan å kunne lese, skrive og rekne godt nok. Læraren er nøkkelen for å snu denne utviklinga, seier han. (©NPK)
-
Skulen har vore eit heitt tema den siste tida – er du oppdatert på kva som skjer med fråversgrensa?
No blir det noko av – men mest truleg blir grensa på 15 prosent.