Byggesteinar for liv funnen på komet
Var det kometane som frakta byggesteinane for liv til jorda?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kometsonden Rosetta har funne kjemiske spor av aminosyren glysin og fosfor i komaen, atmosfæren av gass og støv, som omgjev kometen 67P Tsjurjumov-Gerasimenko.
Glysin er den enklaste aminosyren som protein er sett saman av. Fosfor er eit viktig samband i arvematerialen og dei kjemiske prosessane i celler.
LES OGSÅ: Dette bildet av ei eksploderande stjerne er historisk
– Det nye funnet til Rosetta viser at byggesteinane for liv finst på kometar, men òg i meteorittar er det funne mange typar organiske samband og aminosyrer, seier Hans Amundsen til romsenter.no. Han er geolog, astrobiolog og leiar for AMASE-ekspedisjonane som testar forsøk og utstyr som skal til Mars for å leita etter liv.
Amundsen understrekar at organiske samband finst òg fleire andre stadar i rommet, som i gass og støv mellom solsystem, og dessutan skyene av material som finst rundt stjerner og som kan verta til planetar.
LES OGSÅ: Fann både sukker og alkohol på kometen «Lovejoy»
Òg på Mars finst det ulike organiske samband. Dei har vorte danna av vulkanutbrot eller kome dit på meteorittar.
– Me veit ikkje korleis livet oppstod på jorda eller når det først dukka opp, men me trur det var tidleg i historia til planeten, seier Amundsen.
Den europeiske kometsonden har funne både vatn og magnetfelt på 67P.
Rosetta styrer solcellepanelene sine ved hjelp av teknologi fra Kongsberg.
I september 2016 er oppdraget over. Då skal Rosetta gå så nær kometen som han kan og landa på overflaten for dei aller siste målingane.
LES OGSÅ: Elon Musk føreslår å atombomba Mars