Dette bildet av ei eksploderande stjerne er historisk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historisk bilde av supernova

Mange stjerner endar livet sitt i ein av dei kraftigaste eksplosjonane me veit om: ein supernova. Men det skjer ikkje så ofte. I kvar galakse skjer det eit par supernovaer i løpet av hundre år. For første gong har forskarane klart å rekna ut kva tid ein supernova vil bli synleg, ifølgje ei pressemelding frå teleskopet Hubble.

Det var i november 2014 at oppdaginga av supernovaen Refsdal først blei annonsert. Supernovaen ble oppkalla etter nordmannen Sjur Refsdal, som på 60-talet var den første som såg kva praktisk nytte gravitasjonslinsing kan ha.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

På grunn av ein svært massiv galaksehopsom ligg mellom oss og den eksploderande stjerna, blir lyset forvridd, splitta i fleire bilde og delvis forsinka på veg mot oss. Derfor såg me eksplosjonen første gong i 2014, og no ein gong til – på ein litt annan stad – eitt år seinare, ifølgje titan.uio.no.

– Hubble har vist moderne vitskapleg metode på sitt beste.  Å testa prediksjonar gjennom observasjonar gjev oss kraftige verktøy til å forbetre forståinga vår av kosmos, seier forskaren Patrick Kelly ved University of California Berkeley, USA.

LES OGSÅ:Fann sukker og alkohol på kometen «Lovejoy»