Lite land i universet: Noregs rolle i verdsrommet
Verdsrommet er ein viktig arena for internasjonalt samarbeid, og har på kort tid blitt ein av verdas viktigaste infrastrukturar.
Saka er ein del av NUPI Skole sin artikkelserie «Hvor hender det?» og er gitt att med løyve. Saka er omsett til nynorsk av Framtida.no.
Det er heilt nødvendig at land kan samarbeide om dei avgrensa ressursane i verdsrommet. Men kva er romverksemd, og kva vil det seie at Noreg samarbeider med andre land og organisasjonar i verdsrommet?
Kva er romverksemd?
Romverksemd inneber utruleg mykje forskjellig. Det omfattar alt frå romfart og utforsking av det ytre rommet, astronautar og romferder, til kommunikasjon, navigasjon, og overvaking av klimaet på jorda. Satellittar gir oss tilgang til kommunikasjon, navigasjon, jordobservasjon og tidsbestemming. Tenestene vi får frå satellittar, er kanskje den typen romverksemd som påverkar kvardagen vår mest, utan at vi ser eller høyrer mykje om dei.
Vi delar ofte inn tenester frå satellittar i tre bolkar: satellittnavigasjon, jordobservasjon og satellittkommunikasjon.
Satellittnavigasjon er teknologi som blir brukt til å bestemme posisjon, navigasjon og tid. Dette fungerer på land, i lufta, til sjøs og i verdsrommet, ved hjelp av signal frå navigasjonssatellittar.
Jordobservasjon er eit fellesomgrep for aktivitetar der ein samlar inn informasjon om jordas overflate og atmosfære ved bruk av ulike instrument som er i eller på satellittar. Jordobservasjonsdata kan brukast til mange ting. Til dømes kan slike data hjelpe til med å lage eit meir nøyaktig pollenvarsel i Noreg.
Satellittkommunikasjon handlar om satellittar som overfører informasjon som tv, internett, radio og telefon. Dette gjer det mellom anna mogleg for pilotar å kommunisere med bakkekontrollen når dei flyg.
Satellitteknologi gir oss altså tenester som påverkar liva våre kvar einaste dag – frå å overvake klimaendringar, hjelpe folk som har gått seg vill med å finne vegen heim, følgje med på om bakken huset ditt står på kan komme til å søkke, og til å oppdage kriminalitet til sjøs, som oljesøl og tjuvfiske.
Kva betydning har romaktivitet for samfunnet?
I dag er satellittar viktige for ei lang rekkje grunnleggjande samfunnsoppgåver.
Nytta av verdsrommet for samfunnet i dag er nesten umogleg å kalkulere. Alle tenestene vi får av satellittar har gjort at dei har vorte heilt grunnleggjande for samfunnet vårt. Hadde vi vore utan satellittar berre éin dag, ville mange tenester vore utilgjengelege. Som du kan høyre i NRKs Ekko-podkast, ville ein dag utan satellittar vore veldig annleis enn ein vanleg dag.
Frå du vaknar om morgonen til du legg deg om kvelden er du avhengig av satellittar. Du bruker rett og slett romteknologi kvar einaste dag! I korte trekk ville store delar av samfunnet vårt ikkje fungert. Du kunne ikkje ha brukt Google Maps, Vipps hadde slutta å funke, og det hadde ikkje vore mogleg å sjekke vêrvarselet.
Kva skjer om du vaknar opp ein morgon og alle satellittane er borte? Det forklarer Pål Brekke frå Direktoratet for romverksemd i denne videoen:
Verdsrommet kjem berre til å bli viktigare i åra som kjem. Det moderne samfunnet slik vi kjenner det, hadde ikkje fungert utan satellittar.
Kva gjer Noreg i verdsrommet?
Noreg har faktisk eit eige rombyrå som ligg på Skøyen i Oslo. Som Noregs versjon av NASA, koordinerer Direktoratet for romverksemd (på engelsk Norwegian Space Agency) Noregs nasjonale og internasjonale engasjement i verdsrommet. I Noreg handlar romverksemda hovudsakleg om tre ting:
- Overvaking av land- og havområde ved hjelp av satellittar
- Overvaking av aktivitetar som føregår i verdsrommet
- Satellittkommunikasjon i nordområda
Noreg er eit land med store område, både til sjøs og på land. Den unike geografien gjer at Noreg har eit konkurransefortrinn når vi samarbeider med andre land og aktørar. Samtidig gjer dei store områda oss sårbare. Det er viktig å ha kontroll på desse områda, og det fungerer som ein god arena for samarbeid med land som har like eller ulike interesser i same regionar som oss.
Det norske selskapet Kongsberg Satellite Services AS har til dømes verdas største kommersielle antennepark på Svalbard, som heiter SvalSat. Der finst det meir enn 100 antenner som er i drift. Kvar månad har antenneparken rundt 50 000 kontaktar med satellittar. Antenneparkar som SvalSat sender store mengder data opp til satellittane for å styre dei, og mottar data frå satellittane til bakken. Dataa blir brukte til kommunikasjon, navigasjon og mykje meir. Brukarane av desse antennene er mellom anna amerikanske NASA.
På Andøya i Nordland har Noreg ei eiga romhamn: Andøya Spaceport, der det skal skytast opp rakettar med satellittar i framtida. Tilgang til rommet er heilt sentralt for å drive med romverksemd, og romhamna gir Noreg eit strategisk fortrinn i samarbeid med land og aktørar som er ute etter samarbeidspartnarar for å få opp satellittar i bane rundt jorda.
På videoen ser du oppskytinga av raketten Spectrum frå Andøya Spaceport 30. mars 2025. Raketten måtte avbryte flyginga kort tid etter start, men testen var likevel eit viktig steg for Noreg som romnasjon. Dette var første gong ein bererakett vart skoten opp frå vest-europeisk fastland.
Kven samarbeider Noreg med i verdsrommet?
For Noreg som eit lite land er samarbeid i verdsrommet spesielt viktig. Det er rett og slett for dyrt og krevjande å drive med romverksemd heilt åleine. Verdsrommet er derfor eit døme på ein arena som krev mykje internasjonalt samarbeid og engasjement, spesielt frå land som Noreg som har avgrensa moglegheit til å drive med romaktivitetar heilt på eiga hand.
Noreg samarbeider med mange aktørar om kritiske tenester som er viktige for at samfunnet vårt går rundt. Hovuddelen av Noregs internasjonale engasjement i verdsrommet skjer gjennom Den europeiske unionen (EU) og Den europeiske romorganisasjonen (European Space Agency). Noreg samarbeider også med USA i verdsrommet og har fleire enkeltavtalar med land som Italia.
Noreg har sidan 1987 vore medlem av European Space Agency, som hovudsakleg er ein forskings- og utviklingsorganisasjon. Noreg er ikkje medlem av EU, men deltek i EUs romaktivitetar for jordobservasjon, posisjonsbestemming, navigasjon og tidsbestemming (PNT), og vern og sikker kommunikasjon i EUs romprogram (2021–2027) gjennom EØS-avtalen. Noreg er dessutan med i FNs rom-organ, United Nations Committee on the Peaceful Uses of Outer Space (UN COPUOS).
Arbeidet gjennom desse arenaene er viktig, fordi det bidreg til å fremje felles verdiar og interesser som er viktige for Noreg og framtida vår. Til dømes er Noreg engasjert i FNs romallianse, Space4Ocean, som skal verne hava våre.
Konklusjon
Sjølv om Noreg er eit lite land i universet, speler vi ei viktig rolle i verdsrommet. Satellittar og romteknologi er avgjerande for det moderne samfunnet, og Noreg bidreg med kunnskap, infrastruktur og geografiske fordelar. For å vareta norske verdiar og interesser – både på jorda og i rommet – er internasjonalt samarbeid heilt sentralt.







