Fann både sukker og alkohol på kometen «Lovejoy»

For første gong er komplekse organiske molekyl blitt oppdaga på ein komet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fann både sukker og alkohol på komet

Kometen med det treffande namnet «Lovejoy» inneheld etanol og den enkle sukkersamansetninga glyseraldehyd. Det melder amerikanske ScienceNews.org.

Desse stoffa har tidlegare blitt funne rundt unge stjerner der planeter er i ferd med å ta form.

Funnet av desse molekyla på ein komet tyder på at dei er tatt vare på sidan sola tok form. Kometar spelte sannsynlegvis ikkje ei viktig rolle i å levera vatn og organisk materiale til Jorda då den enno var ung, men dei har likevel mykje til felles med asteroidane som bidrog til dette.

LES OGSÅ: Han har gjort verdsrommet kult igjen

Kometen «Lovejoy» var synleg for det blotte auga under den nærmaste tilnærminga si til sola i januar 2015. Nicolas Biver, ein planetforsker ved Observatoire de Paris i Frankrike og kollegaer brukte eit radioteleskop i den spanske Sierra Nevada for å observera «Lovejoy». Etanol og glyseraldehyd er to av 21 molekyl som blei oppdaga i halen på kometen. Dei andre molekyla, som karbonmonoksid og ei rekke organiske molekyl, har blitt oppdaga tidlegere i andre kometar.

LES OGSÅ: – Kjempestruktar rundt stjerne kan vera laga av romvesen

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?