Motiverer unge til å satse

Robin Eiksund (18) har fått ny tru på utdanning og arbeid etter å ha fått ein motivasjonsboost ved Furene AS.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart først publisert på Møre Nytt.

– Eg har gjort eit nytt val med tanke på vidare skulegang, seier attenåringen frå Myrvåg i Herøy.

Tidlegare gjekk han TIP, teknisk industriell produksjon, men han slutta då han innsåg at faget var feil for han.

Furene AS er ein av fire stader i Møre og Romsdal som tilbyr ungdom som har slutta eller ikkje starta på skulen eit tilbod der dei skal verte motiverte til vidare skulegang. Koordinator for UNG-prosjektet, som er eit samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, Børge Sætre, fortel at prosjektet har vore ein suksess.

– Vi tek i mot 15 ungdomar på årsbasis, og dette er andre året vi held på. Prosjektet går over fire år. Møreforsking var inne første året, og vi er spente på rapporten som kjem i haust, men dei første signala er positive. Storparten av ungdomane som har vore her har satsa vidare på skulegang, eller har fått seg lønna arbeid, fortel han.

Målet med prosjektet er at ungdomane skal fullføre vidaregåande opplæring, eller anna opplæringsløp, eller få seg lønna arbeid. Programmet har som mål å gi ungdomane meistringskjensle, motivasjon og glede gjennom undervisning, bidra til modning og allmenndanning, og skape tru på eiga evne og tru på at dei kan nå framtidige mål.

For Robin har prosjektet vore avgjerande.

– Det har vore flott å vere her, og eg har konkludert med at eg vil halde fram med skulegangen, og har planar om å starte med eit heilt anna fag; naturbruk.

Kvilebenk
Ved Furene AS tek dei imot ungdom frå heile Søre Sunnmøre. I tillegg til undervisning, vert det lagt vekt på mykje praktisk arbeid. Nyleg kokte Furene AS hovudet i hop med Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Dei har sponsa materiale som ungdomane har bygd 10 benkar av; Kvilebenken – for deg og dine, har dei kalla han.

– Vi var ikkje i tvil om at dette var eit prosjekt vi ønskjer å støtte. Vi tende på ideen med ein gong, seier Vidar Egset frå banken, og rosar prosjektet som fangar opp ungdom som elles lett hadde hamna utanfor.

No står ti ferdigsnikra benkar klare til å verte delt ut.

– Vi startar ein Facebook-aksjon der vi oppmodar lag og organisasjonar til å argumentere godt om kvifor dei fortener ein slik benk. Så har vi ein jury som vil ta ei avgjerd på kven som skal få. Vi håper at vi kan spreie desse flotte benkane rundt på heile Søre Sunnmøre, seier Vidar Egset.