Studentar ruser seg til dårlege resultat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

12 prosent av mannlege studentar meiner rusvanane deira går ut over studiet. Blant kvinnelege studentar er delen 6 prosent.

Det viser ei undersøking utført av Sentio for Universitas og Norsk studentorganisasjon (NSO).

Ifølgje divisjonsdirektør Jørg Mørland ved Folkehelseinstituttet (FHI) er alkohol det rusmiddelet som påverkar flest hjerneceller, og læringsevna blir svekt etter eitt glas med vin.

LES OGSÅ: Seks av ti meiner det er for mykje drikkepress

– Den intellektuelle kapasiteten blir redusert, og sannsynet for feilslutningar aukar. Dessutan tar det jo litt tid før alkoholen forsvinn igjen, og har du alkohol innanbords på lesesalen, er du ein mindre effektiv student enn elles, seier Mørland.

Gjentatte byturar kan få konsekvensar på lesesalen, også etter dagen deretter, fortel Mørland.

– Dersom ein har eit høgt bruksmønster over ei lengre periode, kan det gi langvarig svikt i innlæringsevna, også lenge etter at ein har drukke, seier han.

Totalt er det 7 prosent av studentane som meiner dei ruser seg til svakare akademiske prestasjonar.

Professor Jørgen Bramness ved Senter for rus- og avhengigheitsforsking meiner det truleg er mørketal fordi vi ikkje alltid er like gode til å vurdere negative konsekvensar av vårt eige rusbruk.

LES OGSÅ: Russen har moral – den er berre litt annleis