Russen har moral – den er berre litt annleis

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Like tradisjonsrike som russefeiringa og faddervekene i seg sjølve, er avisoppslaga, lesarinnlegga og klagene frå dei som ser seg leie på fyll og fanteri. Historier om hemningslaus drikking, fri sex, steling, hærverk og slåssing gir inntrykk av unge menneske som kastar all moral på sjøen. Heldigvis har fylla skulda.

Eller?

Sosiologen Eivind Grip Fjær har følgt russen på dåp, rulling i russebuss og  eit svært russetreff. Han har òg hengt med nybakte studentar under faddervekene ved Universitetet i Oslo. I tillegg har han og kollegaane intervjua 41 russ og 31 fadderbarn.

Konklusjonen deira er at korkje russen eller dei ferske studentane kastar moralen på sjøen under feiringane.

I artikkelen «Drinking and moral order: Drunken comportment revised», publisert i tidsskriftet Addiction Research & Theory, argumenterer Fjær og kollega Willy Pedersen for at dei festglade i staden skapar sin heilt eigen moral.

LES OGSÅ: – Russebussen får eit ufortent dårleg rykte

Ulike festar, ulik moral
Allereie i 1969 synte forskarane MacAndrew og Edgerton at det ikkje er alkoholen i seg sjølv som avgjer korleis vi oppfører oss når vi er fulle. Dei argumenterte for at dersom alkoholen var årsak til endringar i oppførsel, så burde folk endre seg likt på tvers kulturar og på ulike tidspunkt i historia.

I studien sin fann dei at det slett ikkje er tilfelle. I staden oppfører folk seg svært ulikt når dei er fulle.

 Den endra oppførselen skuldast ikkje alkoholen, men ulike normar for korleis vi skal oppføre oss, meiner Fjær, som er stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo.

 Russefeiringa er eit tydeleg døme, der ein til og med å skriv ned kva reglar ein skal følgje under feiringa, seier han, og siktar til russeknutereglar som å ha sex i skogen eller kjøpe øl krypande på alle fire.

Fadderveka og russefeiringa har ulik moral
Den norske russefeiringa og faddervekene har ein del til felles. Begge involverer unge menneske på omtrent same alder, mykje alkohol og ein overgang.

Likevel fann forskarane at russen og fadderstudentane handla etter ulike normer for kva som var greit og ikkje.

 Russen kan ha sex i skogen, stele og kjøpe øl på alle fire. Å vere veldig full er heilt innanfor. I faddervekene er normene heilt annleis, sjølv om mange drikk om lag like mykje. Då skal ein helst ikkje verte openbart full, og hook-ups føregår meir i skjul. Medan russen godt kan vere fulle i all offentlegheit, er det i faddervekene ofte litt pinleg å ha vore synleg full. Gapet mellom feiringane er stor, sjølv om dei føregår med berre nokre månadars mellomrom og med ein god del av dei same folka, fortel Fjær.

LES OGSÅ: Forstår ikkje kritikken

Han meiner ulikskapane i kva som er greit fortel oss at også fulle mennesker har moral.

 Folk er moralsk tilreknelege, også når dei er fulle. I russetida er det venta og nærast påkrevd at ein oppfører seg annleis, medan i fadderveka kan dei same handlingane verte sett på som upassande.

Fjær ser også på fylleangsten, skam- og skuldkjensla mange kjenner på dagen derpå, som eit teikn på at vi held oss sjølve moralsk ansvarlege for det vi har gjort i fylla.

– Russen snakka mykje om kor vanleg og akseptert det var å hooke opp, gjerne med fleire i løpet av ein kveld, men for ferske studentar var slike erfaringar ei kjelde til skam og frykt for at deira nye medstudentar ikkje skulle respektere dei, seier Fjær.

Korkje kaotisk eller spontant
«Det berre skjedde», er ei vanleg forklaring på diverse som kan oppstå i festlege lag. Den forklaringa vert vel tynn for Fjær.

 Alle verkar å ha ei historie om «spontan» nakenbading eller steling av trafikkskilt. Festar er tilsynelatande spontane og kaotiske, men er eigentleg veldig strukturerte.

At vi byter ut vårt kvardagslege moralske kompass på fest, forklarar Fjær med ulike verdiar.

Medan ein i studie- og arbeidsveka kan handle etter verdiar som å oppnå mål, gjere noko nyttig, vere snill og delta i fellesskapen, har festløva sine eigne verdiar.

 Fest skal vere gøy og spanande. Det handlar om nytelse, eksempelvis rus og erotikk. Desse måla står over alle andre verdiar, kanskje med unntak av tryggleik.

Der finst altså ein moral, også blant fulle folk.

 Men den er annleis enn til vanleg og blir opplevd som befriande, seier Fjær.

LES OGSÅ: Åtte raude bud