Mållaget får samisk og kvensk namn

Noregs Mållag vil syne solidaritet med samisk og kvensk språk. – Som målfolk veit vi godt kor viktig det er å verte anerkjent.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nøørjen Gïelesiebrie på sørsamisk, Vuona Giellasiebrre på lulesamisk, Norgga Giellasearvi på nordsamisk og Norjan Kielijoukko på kvensk. 

I helga vedtok landsmøtet i Noregs Mållag kva mållaget heiter på samisk og kvensk. Det samrøystes vedtaket syner solidaritet med samisk og kvensk språk, forklarar Mållaget i grunngjevinga.

LES OGSÅ: Nynorsken sigra i Møre og Romsdal

Der peikar Mållaget på utfordringane desse språka står overfor.

– Sjølv om staten ikkje fører nokon hissig assimilasjonspolitikk overfor urfolk og nasjonale minoritetar, lir desse framleis under skadeverknadane av den politikken som vart ført, berre for nokre få tiår sidan.

LES OGSÅ: Snakk samisk t' mæ

Mållaget peikar på at utfordringane ikkje kan løysast av Noregs Mållag åleine.

– Men som målfolk veit vi godt kor viktig det er å verte akseptert og anerkjent, særleg når ein høyrer til eit språkleg mindretal. Som målfolk veit vi òg eitt og hitt om korleis det å stå saman kan vege opp for manglande kjøtvekt, skriv Mållaget, som sjølv meiner dei bør vere blant dei første til å vise solidaritet med samar og kvenar når språket er under press.

LES OGSÅ: «Hællæ frå den andre sida»