Nynorsken sigra i Møre og Romsdal

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag debatterte Fylkestinget i Møre og Romsdal om fylkeskommunen skal gå bort frå nynorsk som administrasjonsspråk.

Fleire av partia var delte i meiningane og voteringa enda med 25 røyster for framleis nynorsk administrasjonsspråk, medan 22 representantar stemte for språknøytralitet.

LES OGSÅ: Blir Ålesund nynorskby?

–  Språk er makt
Forslaget om språknøytralitet vart fremja før jul av Ålesunds-politikaren Monica Molvær (H).

– Me snakkar om behovet for modernisering og forenkling av offentleg sektor. Som ein del av det meiner eg det er på tide at dei som jobbar i fylkesadministrasjonen slepp å bruka tid på språkvask og korrektur, sa Molvær ifølgje Sunnmørsposten den gang. 

Til NRK Møre og Romsdal seier Molvær no at ho respekterer avgjerdsla, men at det ikkje må bli ei forskjellsbehandling.

Politikarane frå KrF, Venstre, SV og Senterpartiet stemte alle for å halde på nynorsken, medan Ap, Høgre og Frp var meir splitta. 

Forkjemparar for språknøytralitet peika på at heile 70 prosent av elevane i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal har bokmål som hovudmål og at språknøytralitet vil gjere rekrutteringa enklare.

Fylkestingsrepresentant for Høgre, Peder Gjerstad, var ein av dei som kjempa for språknøytralitet, trass i at han har hatt nynorsk som hovudmål i heile oppveksten.

– Eg har ikkje noko påtrengande behov for å pressa nynorsk på andre. Fylkesrådmannen har sjølv stadfesta at det er folk som har takka nei til jobb på grunn av kravet om nynorsk. Dette handlar om å seie nei til forbod mot bokmål, sa Gjerstad ifølgje NRK.

Fylkesvaraordførar (V) Gunn Berit Gjerde frykta på si side at språknøytralitet i praksis ville vorte bokmål.

– Ein overgang frå nynorsk til språknøytralitet vil få konsekvensar. Fleire vil slutta å bruka det. Eit språk opprettheld seg ikkje sjølv. Språk er makt. Språk har alltid vore brukt i fridomsskampar. Nynorsk vart brukt i kampen mot danskeveldet og mot kansellispråket. Bokmåsidentiteten er ikkje truga. Det er nynorskidentiteten som er truga, sa Gjerde frå talarstolen.

LES OGSÅ: Mobiliserer for framleis nynorsk i Møre og Romsdal

Nynorske heimesider
Vedtaket inneber at nynorsk framleis skal bli brukt i alle saksframlegg, alle møteprotokollar, årsrapportar og alle overordna planar. I tillegg vil Fylkeskommunens heimesider, annonser, utlysningar og publikasjonar vere nynorske.

Elles står avdelingane fritt til å velja målform, men ifølgje mållova skal det offentlege alltid svara brev på mottakaren si målform.