Åtvarar mot asyl-innstramming for familiar
Sylo Taraku åtvarar mot innstramming i familieinnvandring. – For enkelte barn kan det føra til at dei ikkje får sjå far eller mor si på 5-6 år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kan splitta familiar for alltid
Denne veka la regjeringa fram nye innstrammingar i asylpolitikken. Det skal mellom anna ta lengre tid å få rett til familiegjenforeining.
– Regjeringa si manglande kontroll ved yttergrensene rammar dei som får opphald her. Det er urimeleg at dei som har kome må venta så lenge på å bli gjenforeint med familiane sine, seier Sylo Taraku. Han er i dag rådgivar ved tankesmia Agenda og tidlegare underdirektør i UDI og generalsekretær i Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS).
Med lang saksbehandlingstid i tillegg til innstrammingane i familiegjenforeining for asylsøkjarar, så kan det gjerne ta 5-6 år før barn for møta søsken eller foreldre igjen. For nokre vil det ikkje vera mogleg å oppfylla dei nye krava til å kunna forsørgja familien, ifølgje Taraku.
– For små barn er det veldig urimeleg, slår han fast.
Taraku har tidlegare tatt til orde for ei total omlegging av asylpolitikken i Noreg, der retten til asyl ved grensa blir innskrenka, medan det blir lettare å koma som politisk flyktning til Noreg.
I regjeringa sine innstrammingar i asylpolitikken, føreslår òg regjeringa ein hasteparagraf som kan stoppa ulovleg masseinnvandring frå til dømes Sverige.
– Slike tiltak kan vera nødvendige i krisesituasjonar, men er uheldig for det interne samarbeidet i Europa, og fører til eit svarteperspel der byrda blir ujamt fordelt, understrekar Taraku.
LES OGSÅ: Klart for ny asylkamp på Stortinget
Faktaboks
Regjeringa foreslår innstrammingar i regelverket om familieinnvandring:
• Det blir innført krav om at ein kan forsørgja familien og krav om tre års arbeid eller utdanning i Noreg for familiegjenforeining, og kravet vil gjelda òg for familiegjenforening med flyktningar og personar som får subsidiært vern. Denne endringa blir gjort mellombels i tre år.
• Det blir òg foreått at det skal kunna nektast familiegjenforeining med flyktningar og personar som får subsidiært vern dersom familielivet trygt kan utøvast i eit tredjeland som familien samla sett har sterkare tilknyting til enn Noreg. Etter at den som har fått vern i Noreg òg har fått permanent opphaldsløyve, er ikkje lenger tilknytingskravet eit vilkår for familiegjenforeining.