Klart for ny asylkamp på Stortinget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg håpar behandlinga i Stortinget vil visa at Frp ikkje har fleirtal for asylpolitikken sin, sjølv om Høgre no har abdisert i innvandrings- og asylpolitikken, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Ho slår fast at Venstre ikkje vil stilla seg bak lovforslaget som regjeringa la fram tysdag.

– Forslaga har blitt slakta av dei faglege høyringsinstansane og ligg langt unna føringane frå asylforliket på Stortinget, seier Grande.

– Nødvendige innstrammingar
Men Listhaug meiner at innstrammingane er nødvendige for å ha ein berekraftig politikk og lykkast med integreringa.

– Vi må sikra den norske velferdsmodellen. Kor mange som lever på offentlege ordningar, heng saman med kva ordningar vi kan ha, seier ho.

Ho meiner talet på asylsøkjarar som kjem til Noreg no er kunstig lågt på grunn av grensehindringar i Europa.

– Den situasjonen kan raskt endra seg, seier ho.

Listhaug streka fleire gonger under at Norge vil få den strengaste politikken i Europa på fleire område, men statsminister Solberg peikte på at dei også har lytta til høyringsuttalen.

– Vi håpar at eit breitt fleirtal vil slutta seg til forslaga som regjeringa legg fram i dag, sa Solberg.

– Forhandlingsrom
Hans Olav Syversen frå Kristeleg Folkeparti er meir diplomatisk enn Venstre-leiaren. Han meiner dei same partia som stod bak asylforliket før jul, må prøva å finna ei løysing, og vil ikkje kommentera moglegheita for at regjeringa vil søkja støtte hos ulike parti til ulike forslag i pakken.

– Ein asylpolitikk må vera rettferdig, men vi må vera sikre på at vi tek vare på dei folkerettslege forpliktingane vi har. Eg oppfattar at det er lagt inn eit forhandlingsrom her, seier Syversen til NTB.

Familie og barn
Både Venstre og KrF reagerer på at regjeringa vil påleggja flyktningar krav for å få familien sin til Noreg, på lik linje med andre innvandrarar. At einslege mindreårige asylsøkjarar berre skal få mellombels opphald, er heller ikkje populært. Forslaget om at politiet kan få mynde til å avvisa asylsøkjarar på grensa i ein ekstraordinær situasjon, møter også kritikk.

– Nei frå oss
Leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre meiner regjeringa berre har lytta minimalt til kritikken som kom i høyringsrunden. Støre seier partiet vil sjå på forslaga både enkeltvis og samla. Han peikar på at summen av innstrammingar også vil ha konsekvensar for integreringa, men seier partiet vil «bidra der det er naturleg.»

Han er ikkje eintydig i svaret sitt på kor viktig det er med eit nytt forlik.

– Det er alltid ein verdi i ei brei semje, men det handlar om det er grunnlag for ei brei semje, seier han, og peikar på at det er saka og ikkje konstellasjonane som er viktig.

Heidi Greni i Senterpartiet ønskjer på si side eit forlik, men seier regjeringspartia må koma dei i møte.

Fleire på farleg flukt
Ei rekkje organisasjonar er negative i reaksjonane sine på forslaga. Flyktninghjelpen og Norsk Folkehjelp meiner strenge reglar for familiegjenforeining både vil senda fleire kvinner og barn ut på ei farleg flukt for å søkja asyl sjølv og hindra integreringa.

Redd Barna er uroa for einslege asylbarn.

– Å leva med mellombels opphald frårøvar barn livsgleda og gjer dei sjuke, seier seksjonsleiar Thale Skybak.

Målet med forslaget er ifølgje Listhaug at færre barn skal bli sende av garde åleine.

Også Barneombodet, Antirasistisk Senter og Røde Kors er sterkt kritiske til forslaga som no skal behandlast i Stortinget. (©NPK)

Faktaboks

Regjeringa foreslår mellom anna innstrammingar i regelverket om familieinnvandring:

Det blir innført krav om at ein kan forsørgja familien og krav om tre års arbeid eller utdanning i Noreg for familiegjenforeining, og kravet vil gjelda òg for familiegjenforening med flyktningar og personar som får subsidiært vern. Denne endringa blir gjort mellombels i tre år.

Det blir òg foreått at det skal kunna nektast familiegjenforeining med flyktningar og personar som får subsidiært vern dersom familielivet trygt kan utøvast i eit tredjeland som familien samla sett har sterkare tilknyting til enn Noreg.Etter at den som har fått vern i Noreg òg har fått permanent opphaldsløyve, er ikkje lenger tilknytingskravet eit vilkår for familiegjenforeining.