Reint vatn til kriseområda
13.- 15. mars går Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 2016 av stabelen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Tysnesbladet.
Aldri før har Kirkens Nødhjelp sett så mange store humanitære krisar på ein gong. Det siste året har dei gitt reint vatn til mellom anna flyktningar i Sør-Sudan, Nord-Irak og Syria, flaumoffer i Malawi, tørkeråka i Etiopia og jordskjelvoffer i Nepal. No vonar dei at folk vil gje flittig i bøssene slik at dei kan nå fram med reint vatn til enda fleire.
LES OGSÅ: Vi hugsar krisene i nyheitsbiletet
Tørke i Etiopia
I Etiopia er 5,8 millionar menneske i akutt mangel på vatn. Mellom dei som er hardt råka er bøndene i Ankober-distriktet. 66-åringen Dagne i landsbyen Washa har sjeldan sett ein verre turke gjennom sine 40 år som bonde.
– Dette er noko av det vanskelegaste eg har opplevd, fortel bonden, som er far til ni born.
Kvar einaste dag må heile familien stå over måltid for å spara på maten.Turka har gitt enorm vassmangel, ubrukelege avlingar og utarma beitemarker. Bøndene misser dyra sine og dermed livsgrunnlaget sitt.
LES OGSÅ: Ureint vatn dreper fleire born enn AIDS, malaria, krig og trafikkulukker til saman
Må selja dyra
For å greia seg må bøndene selja dyra som har overlevd så langt i tørken. Dei blir tvungne til å selja kyr som har sytt for verdifull mjølk til borna i familien. No har mange snart verken dyr eller pengar att. – Eksistensen vår avheng av dyra våre. Utan dei blir det vanskeleg for oss å overleva. Eg veit ikkje kva eg skal gjera, seier Dagne fortvila.
Førebyggjande arbeid
Kirkens Nødhjelp er til stades i Ankober og fleire andre av dei hardast råka områda i Etiopia. Behova er akutte, og Kirkens Nødhjelp sørgjer for reint vatn og trygge sanitærforhold.
– Me har allereie jobba førebyggjande i fleire månader. Men når omfanget er så stort, treng vi all den hjelpa vi kan få, seier generalsekretær Anne-Marie Helland i Kirkens Nødhjelp.