Engelsk går ut over tryggleiken på jobb
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Engelsk på helsa laus
Undersøkinga, som er gjort av Språkrådet, viser at bruken av engelsk aukar risikoen for uheldige hendingar, både i industrien og i bygg- og anleggsverksemd, skriv Klassekampen.
LES OGSÅ: Arbeidsinnvandring får unge til å sky byggfag
Heile fire av ti tillitsvalde meiner at bruken av engelsk går ut over helse, miljø og tryggleik (HMS). I industrien svarar halvparten at engelsk fører til problem også for den interne kommunikasjonen og den interne effektiviteten.
– Når dei tillitsvalde seier at engelsk kan vere eit tryggingsproblem, bør ein ikkje ukritisk velje dette som arbeidsspråk, seier Åse Wetås.
Direktøren i Språkrådet håpar undersøkinga kan bidra til at bedriftene får eit meir bevisst forhold til når og kvifor dei snakkar engelsk. Språkrådet har tidlegare intervjua leiarar om korleis engelsk blir brukt i desse bransjane. Samanlikna med dei tillitsvalde, rapporterer leiarane om mindre bruk av munnleg og skriftleg engelsk.
– Dette kan tyde på at valet av arbeidsspråk ikkje er så aktivt som det burde vere, seier Wetås. (©NPK)
LES OGSÅ: Engelsk tek over i høgare utdanning