Desse orda brukar vi feil, meiner Språkrådet
Språkrådet kårar ikkje berre årleg det beste nye ordet. No har dei laga ei liste med fyord.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse orda brukar vi feil
Nokre av orda er brukte så ofte at dei nesten har mista meining si, meiner rådet.
– Vi har laga denne kåringa for å slå eit slag for gode norske uttrykksmåtar. Orda på lista er ofte upresise og ulne, og det kan gå ut over bodskapen, seier rådgjevar i Språkrådet, Erlend Lønnum til NRK.
Språkrådet understrekar at kåringa er uvitskapleg, subjektiv og uhøgtideleg. Men ho er sakleg. På lista er desse orda: «utrolig, sykt, sinnsykt», «viktigheten av», «omforent», «tenke at», «adressere en problemstilling/møte et krav», «prosess» og «robust».
Sistnemnde ord er etter rådet si meining i ferd med å bli brukt opp. Slike honnørord går i bølgjer og når etter kvart eit mettingspunkt der dei verkar slitne og tomme, skriv Språkrådet, og oppmodar om å byte ut slike ord.
– Lista er ikkje eit forbod mot å bruke desse orda. Det er heller ei oppmoding om at dei som brukar orda, tenkjer seg om og prøver å finne betre måtar å seie det på, seier Lønnum. (©NPK)