– Dysleksi og lesevanskar er i stor grad arveleg

Ei ny undersøking viser at barn som har foreldre med lesevanskar eller dysleksi, i gjennomsnitt har 45 prosent risiko for å utvikla lesevanskar.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dysleksi er i stor grad arveleg

Det skriv forskning.no. For dei som ikkje har foreldre med lesevanskar, var risikoen 11,5 prosent. Dysleksi og lesevanskar er altså i stor grad arveleg.

– Vanskane hos desse borna var også tilstades allereie då dei var spedbarn og smårollingar. Allereie på dette tidspunktet hadde borna forseinka språkutvikling, seier professor Monica Melby-Lervåg ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo i artikkelen.

LES OGSÅ: Stadig fleire barn går på privatskule

Viktig med rask kartlegging

Ho seier vidare at om ein ser at barn i barnehage har forseinka språkutvikling, er det viktig å kartleggja i kva grad foreldre har vanskar med lesing.

– Då kan ein setja i verk tiltak retta mot fonologisk medvit og bokstavkunnskap som har vist førebyggjande effekt. I tillegg kan ein òg forventa at dersom det er lesevanskar i familien, er ikkje språkvanskane nødvendigvis berre knytt til å læra seg samanhengen mellom lydar og bokstav, men dei kan også vera av meir generell art. Dei kan òg ramma andre aspekt ved språket, seier Melby-Lervåg.

LES OGSÅ: Bør kidsa kode på skulen?