Fleire kausjonerer for barna sine

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delen som stiller opp som kausjonistar, har auka markert dei siste åra, ifølgje ei undersøking frå Finans Norge og NOVA. Men mange er ikkje klar over risikoen, og endar opp med å angre. Det fortel kredittsjef i Sparebank 1 SMN, Endre Jo Reite.

LES OGSÅ: Kjøper million-leilegheiter til borna sine

– Vi har gjort ei gransking blant kundane våre og har funne ut at cirka tre av ti angrar i etterkant og føler at dei kanskje ikkje var heilt innforstått med det dei gjorde, seier Reite til NRK.

Når foreldre stiller opp som kausjonistar, garanterer ein både for at barna betaler renter og avdrag, i tillegg til at ein stiller med tilleggstryggleik typisk i form av pant i eigen bustad eller hytte.

Men når du kausjonerer, blir det som å ta opp eit lån, påpeiker Reite.

LES OGSÅ: Seks av ti unge får hjelp til sin første leilegheit

– Når du då seinare kjem tilbake til banken for å ta opp eit lån til andre formål, kan det bli vanskeleg å få lån til garasje, bustadbyte eller andre ting du har planar om seier Reite.

Nokre foreldre endar i tillegg opp med å måtte betale låneavdraga. (©NPK)