Dette tener masterstudentane

Svært mange som fullførte ein mastergrad i 2008, var i arbeid fem år seinare, uavhengig av kva utdanning dei har tatt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er likevel store inntektsforskjellar blant dei ulike yrkesgruppene.

Nesten 70 prosent av dei som har studert til å bli lege tener over 650.000 kroner fem år etter ferdig utdanning, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

LES OGSÅ: Caroline vil bli det same som foreldra

Rundt halvparten av sivilingeniørane, siviløkonomane og tannlegane tener også over 650.000 kroner fem år etter ferdige studium. Til samanlikning hadde under 10 prosent av personane med mastergrad i psykologi og i humanistiske og estetiske fag ei inntekt på dette nivået.

Tre av ti personar med mastergrad frå veterinærstudiet, humanistiske og estetiske fag har ein inntekt på mindre enn 350.000 kroner.

Om lag 65 prosent av personane med utdanning på masternivå frå 2008 var leiarar eller hadde akademiske yrker etter fem år. Blant personar med grad frå siviløkonomi eller master i økonomi og administrasjon var 23 prosent i leiarstillingar fem år seinare, ifølgje SSB.

LES OGSÅ: Nytt studium for arbeidslause ingeniørar