Caroline vil bli det same som foreldra

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Foreldra mine har alltid vore klare på at utdanning er viktig, men dei har aldri pressa meg til å studera, seier Caroline Bierling (22) frå Os.

Ho studerer medisin på tredje året og har gått den same vegen som foreldra. Likevel fortel ho at valet til foreldra om å ta høgare utdanning innan medisin ikkje har påverka henne til å velja den same retninga.

– Eg ville i utgangspunktet studera alt anna enn medisin, kanskje mest for å gjera noko anna enn foreldra mine, og fordi alle forventa at eg skulle gjera det. Kombinasjonen av å ha opplevd å vera pasient sjølv då eg rauk krossbandet, interessa for realfag og jobb innanfor helsevesenet fekk meg til å få auga opp for medisinstudiet likevel, seier Bierling.

Det er tydelege variasjonar i dei ulike fagfelta når det gjeld talet på studentar med utdanna foreldre. Ferske tal frå SSB-rapporten «Økonomien til studenter og studiesituasjon» viser at fagfelt som naturvitenskaplige fag, matematikk og informasjonsteknologi har ein høgare andel av studentar med foreldre utan høgare utdanning.

LES OGSÅ: Ei utdøydd utdanning?

Må studera for å få jobb
Hanne Sjøvold Hansen (24) frå Trondheim har fullført ein bachelor i nanoteknologi og held no på med master i teknologileiing ved Høgskulen i Bergen. Foreldra hennar studerte ikkje vidare etter vidaregåande. Faren hennar har gjort det bra i jobben som bilseljar til trass for at han ikkje har ei høgare utdanning. Sjøvold Hansen på sida si har ikkje følt at ho hadde noko val.

– Eg har følt på at eg måtte studera for å få jobb. Men eg har jo funne ut i ettertid at ein kan få jobb på andre måtar. Eg har ikkje følt noko press frå foreldra mine om at eg måtte studera, seier ho.

LES OGSÅ: Opnar for å kunne kombinera dagpengar og utdanning

Moglegheitene vert mange
Postdoktor ved sosiologisk institutt, Kristoffer Chelsom Vogt forskar på betydinga til familien på overgangen til vaksenlivet og korleis denne har forandra seg. Han seier at foreldra si utdanning er viktig for kva borna vel.

– Foreldre påverkar like mykje i dag som tidlegare. Forsking viser at det får stadig mykje meir å seia. Utdanninga til foreldra og økonomi har mykje å seia for kva slags karakterar borna får og kva for ei hjelp dei får til leksar. Då vert moglegheit brått mange eller avgrensa, alt etter som, seier Vogt.

Han meiner at fleire no vel å ta høgare utdanning og at dette heng nøye saman med kva for val foreldra har teke tidlegare.

– Dei fleste tek same utdanning eller meir. Så dette er eit forventa funn i forhald til forskinga, seier Vogt.

LES OGSÅ: Høyrslehemma Andreas (30) har IKT-utdanning, men måtte ta vaskejobbar

Hard konkurranse
Masterstudent Sjøvold Hansen trur at konkurransen på arbeidsmarknaden bidreg til å auka pressa på ungdom slik at dei vel å ta høgare utdanning, og at den høgare utdanninga til foreldre òg har noko å seie, seier ho.

– Eg vil tru at det fører med seg eit større press viss foreldra har ei utdanning. Det motsette skjer ikkje. Det at foreldra mine ikkje har teke høgare utdanning har ikkje påverka meg verken til å ta ei sjølv eller la vera, seier ho.

Denne saka er henta frå Studvest