Nytt studium for arbeidslause ingeniørar

Frå nyttår får Universitetet i Bergen eit nytt pedagog-studium som er retta mot arbeidsledige ingeniørar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal bøta på arbeidsløysa

Som eit tiltak for å bøte på arbeidsløysa blant ingeniørar har Kunnskapsdepartementet tildelt 35 nye PPU- plassar til eit nytt studium i praktisk pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen.

LES OGSÅ: Caroline vil bli det same som foreldra

Tilbod om omskolering
Studiet PPU deltid i matematikk og naturfag startar opp for fullt neste haust, men søkjarar kan melde seg allereie no for å få rettleiing til fag dei kan ta i forkant.

– For oss som universitet er det viktig å kunne gi tilbod om omskolering som følgje av endringar i arbeidsmarknaden. Vi bør kunne vere med å leggje til rette for slike omstillingsprosessar når dei oppstår, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen til uib.no.

Deltidsstudiet opnar for at ein ikkje må ha all fagbakgrunn på plass før studiet startar, og at ein kan ta dei faga ein manglar parallelt med studiet.

LES OGSÅ: Byter ut bokmål med nynorsk

Samfunnsoppdrag
– Vi er glade for å kunne bidra å løyse utfordringar i arbeidsmarknaden i ei tid der mykje tradisjonell industri på Vestlandet møter utfordringar. Vi ser på det å vere fleksible med omsyn til nye studietilbod som del av samfunnsoppdraget vårt, samstundes som vi her bidrar til å utdanna kompetanse som samfunnet verkeleg har behov for, seier Harald Walderhaug, prodekan for utdanning ved Det matematisk- naturvitskaplege fakultet.