Nye funn i HIV-forskinga
Du veit kanskje allereie at Biola er bra for magen. Men visste du at probiotika også kan hjelpe HIV-pasientar?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskning.no skriv at ei forskargruppe ved Oslo Universitetssjukehus og Karolinska Sjukhuset i Stockholm har undersøkt kva for ein effekt probiotika, med tilsvarande sammensetning som Biola, har på HIV-pasientar.
Studien, som er det første i sitt slag i verda, viste at probiotikaen hadde ein effekt på immunsystemet hos pasientar som var under ART-terapi.
Funna peikar mot at det å handsama tarmfloraen til pasientane med HIV kan gje resultat som synest i immunsystemet og er knytt til betennelsar.
– Dei fleste immuncellene sit i tarmslimhinnene. Vi har nettopp vist, saman med kollegaene våre ved Karolinska Sjukhuset, at tarmfloraen er endra hos pasientar med HIV. Vi ser for oss ein plass for dette i framtida som tarmfloraterapi, som ein del av persontilpassa medisin, både for HIV pasientar og andre pasientgrupper, seier infeksjonsmedisiner og overlege Marius Trøseid ved Oslo universitetssykehus (OUS).