Nynorske spirer i barnehagen

Her vil dei ha meir nynorsk i barnehagane. 

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsksenteret i Volda har sett i gong prosjektet «Nynorske lesefrø», som skal gjere noko med at nynorsk er mindretal i bokhyllene i barnehagane. Det skriv Nrk.no.

Målet er at barnehagane skal ha fleire bøker på nynorsk i bokhyllene. Jølster kommune er ein av pilotkommunane i prosjektet. Pedagogisk leiar i Langhaugane barnehage i kommunen, Heidi Karin Hylderås, seier til Nrk.no at det er lett å velje bokmålsbøker.

– Vi tenkjer gjerne at dei er betre.

LES OGSÅ: På parti med nynorsken

Det er gjort innkjøp av mange bøker på nynorsk til barnehagane i Jølster. Etter å ha delteke på eit føredrag om «Nynorske lesefrø», er Hylderås klar til å nytte fleire nynorskbøker i opplæringa.

Biblioteksjef i Jøster, Grete Skaar Sunde, meiner det ikkje er noko problem å finne gode barnebøker på nynorsk, men peikar på at bokmålsbøkene ofte står fremst i butikkhyllene.

Prosjektansvarleg Janne Karin Støylen seier til Nrk.no at dei håpar prosjektet vil styrkje språkkunnskapane når ungane når skulealder.

– Ungar i nynorskkommunar treng å sjå at språket deira kan nyttast i fleire former, seier ho.

LES OGSÅ: Vil ha tips om nynorsk næringsliv