Fryktar fleire språknøytrale kommunar

Å slå saman nynorsk- og bokmålskommunar er ingen god idé, men skulle det skje bør dei unngå å kalle seg språknøytrale, meiner Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva får kommunereforma å seie for nynorsken? Kva skjer om nynorskkommunar blir slått saman med bokmåls- eller språknøytrale kommunar? Når Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har fått ei føring frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å vareta nynorsken i arbeidet med reforma, er det nettopp slike spørsmål dei må finne svar på.

– Vi skal gi råd til kommunane og til departementet. Vi må peike på kva som kan skje med språket i kommunane ved samanslåingar, fortel LNK-leiar Vidar Høviskeland.

LES OGSÅ: Språkrådet uroa for nynorsken

– Ta stilling
Kommunane har fram til neste vår med å bestemme seg for om dei vil slå seg saman med andre, eller halde fram aleine. Sjølv om ingen enno veit kva reforma munnar ut i, har LNK tankar om kva som vil vere gode og dårlege grep for nynorsken.

Mellom anna rår samanslutninga frå at kommunar med ulike fleirtalsspråk slår seg saman. Skulle det likevel skje, håpar Høviskeland dei ikkje vel å kalle seg språknøytrale. Når dei kommunetilsette kan velje målform sjølve, fryktar han at dette på sikt betyr at bokmål får dominere.

– Det enklaste er å seie at enten er du bokmåls- eller nynorskkommune. Det viktigaste er ikkje at dei tilsette får bruke sitt eige språk, men det språket som gir innbyggjarane i kommunen eit best mogleg tilbod. Mange bruker omgrepet «språknøytral» som første steg på vegen til å gå over til bokmål. Difor er eg oppteken av at kommunane skal ta stilling, framfor å kalle seg språknøytrale. Dette føreset likevel at mållova blir endra, seier han. Etter mållova kan kommunar vedta å vere språkleg nøytrale. Utan målformsvedtak blir dei òg rekna som nøytrale.

Kommunar med ulike målformer som slår seg saman, bør dessutan få midlar til omstilling og språkleg opplæring, meiner LNK.

LES OGSÅ: Nynorsken mistar fotfeste – Mållaget ropar varsku

– Sterkare kommunar positivt
Ulike rapportar har vorte utarbeidd i samband med reforma. Rapportane frå Vabo-utvalet seier at «idealkommunen» har 15.000-20.000 innbyggjarar. Eit slikt folketalsprinsipp er i seg sjølv ikkje negativt for nynorsken, seier Høviskeland.

– Det ser no ut til at tre nordhordalandskommunar har funne saman. Då vil tre relativt store nynorskkommunar slå seg saman til ein kraftig kommune som har rygg til å bere presset frå innbyggjarar som flyttar inn frå bokmålsområde i Bergen, nemner han som eitt av døma

Ein modell LNK ser med større skepsis på, er Rattsø-modellen, der vekst og utvikling i byområde blir enda sterkare vektlagt.

– Han går inn for å sy dei store bykommunane saman med omlandet. Ein slik modell vil bety fare på ferde for nynorsken, seier Høviskeland, og bruker Bergen og nynorskbrukande omlandskommunar som døme. Skulle desse bli del av ein storkommune med Bergen som naturleg administrasjonssenter, fryktar LNK at bokmål blir administrasjonsspråket på sikt.

– Det kan òg skje i Stavanger, Sandnes og Ålesund, nemner Høviskeland.

LES OGSÅ:– Samanslåingar skvisar nynorsken

– Avslappa og pragmatisk
LNK sitt forhold til sjølve reforma skildrar han som «avslappa og pragmatisk».

– Det handlar om at dersom ein godtek premissen om at større kommunar er sterkare enn små, kan reforma føre til at ein får fleire sterke nynorskkommunar.

Samanslutninga meiner òg ei styrking av regionsnivået vil vere heldig for nynorsken. At fylkeskommunar – og kommunar får overført fleire oppgåver er avgjerande for at dei skal kunne vere sterke, påpeiker LNK-leiaren.

Om det blir mange kommunar som ønskjer å gå saman, er han likevel ikkje så sikker på. I utgreiingsfasen har mange kommunar hatt fleire alternativ på bordet – ei utfordring for nynorskvaktarane.

– Fram til no i sonderingsfasen har det vore vanskeleg. Nokre kommunar har jobba med 8– 10 modellar. Men vi kjenner kommunane og veit kvar skoen trykkjer når det gjeld språk, seier Høviskeland.

– Det har blitt litt lettare no når det som skjer i kommunane er i ferd med å bli konkretisert.

LES OGSÅ: – Språkomsyn må på plass

Nynorskbeskyttar
Til no er det han som har arbeidd med kommunereforma i LNK, men snart vil samanslutninga tilføre ytterlegare ressursar ved å tilsetje ein person på timebasis.

I tillegg til å følgje med kommunane og kome med råd til dei i prosessen, skal arbeidet resultere i eit endeleg dokument med råd til Kommunaldepartementet.

– Kjenner du deg trygg på at departementet og Sanner vil følgje råda frå LNK?

– Det kan eg ikkje seie noko om. Men eg håpar dei ser at råda er rimelege og gode, seier LNK-leiar Vidar Høviskeland. (©NPK)