Skulane favoriserer fotball
Ungar som ikkje spelar fotball, blir ståande meir stille. Utforminga av skulane gjer at skilnaden på fysisk aktivitet er stor blant barn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Videnskab.dk skriv om skulegardane i Danmark, som har minst eit fellestrekk med norske skulegardar – fotballbanene dominerer i friminutta. (Lenkja går til forskning.no, med ein norsk versjon av artikkelen).
Den danske idretts- og ernæringsforskaren Glen Nielsen har sett nærare på den fysiske aktiviteten til danske skulebarn, og fann ut at fotballen har stor effekt. Fotballbanene tek stor plass i skulegarden, både i Danmark og her heime – og dei som spelar fotball på fritida er også meir aktive på fotballbanene i friminutta.
Dei elevane som ikkje driv med fotball på fritida rører langt mindre på seg i friminutta – faktisk 28 prosent mindre, fann Nielsen ut.
Det var også stor skilnad mellom fotballspelarane og dei som driv med anna idrett – dei bevegde seg 22 prosent mindre enn fotballspelarane i friminutta.
– I skulegarden er det lagt til rette for fotball. Det skapar ei favorisering av barn som er flinke i det, seier Nielsen til videnskab.dk.
LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett