EUs klimasjef vil ha klimasamarbeid utanfor Parisavtalen
EU-toppen meiner land med klimaambisjonar må sjå etter alternativ til FNs klimatoppmøte. Det finst allereie gode initiativ, påpeikar Spire-leiaren.
Store oljeprodusentar som Russland og Saudi-Arabia sette kjeppar i hjula for klimaforhandlingane under årets klimatoppmøte i Antalya.
Det førte til eit avtaleforslag som ikkje eingong nemnde fossilt brensel, og fleire land, som Noreg, EU og ei rekke utviklingsland nekta å godkjenne slutterklæringa.
Kollapsen i forhandlingane fekk klimasjefen i EU, Wopke Hoekstra, til å uttale at det er naudsynt med forhandlingar utanfor FN for å få framgang i det internasjonale klimaarbeidet.
Han meiner det er ein svakheit at klimatoppmøtet er konsensusbasert, og at eitkvart land dermed har høve til å hindre framgang.
– Viktig initiativ
Spire-leiar Thea Birgitte Erfjord viser til at det allereie finst prosessar for landa som ønsker kraftigare tiltak mot klimaendringane.
Ho trekker fram konferansen for omstilling vekk frå fossile brensel, som vart arrangert for første gong i Santa Marta i Colombia i vår. Under konferansen presenterte Frankrike sitt vegkart for omstilling vekk frå fossil energi. Sidan har fleire land følgt etter med liknande vegkart.
Konferansen vart oppretta etter at COP28 vedtok at verda skal omstille seg vekk frå fossil energi. Han vert arrangert for andre gong på Tuvalu i juli 2027.
– Dette er eit viktig initiativ som skjer i tillegg til COP, påpeiker Erfjord.
Samstundes meiner ho det framleis er viktig med konsensusbaserte prosessar som Parisavtalen, som utgjer kjernen i det internasjonale arbeidet.
– Vi treng at alle land er med. Men vi kan ikkje vente med å gjere meir på fossil energi, eller med å auke ambisjonane heime, sjølv om det går treigt i det multilaterale samarbeidet, seier Erfjord.
– Dobbeltmoralsk
Erfjord, som sjølv var til stades på klimatoppmøtet, fortel at det var utruleg intenst under forhandlingane.
Og ho rettar også fingeren tilbake mot EU.
– EU er ein av dei som verkeleg held tilbake på klimafinansiering. Dei snakkar om at det er andre land sin feil at ein ikkje får til meir, medan dei også er ein del av problemet. Det er dobbeltmoralsk, seier ho.
Ho viser til at klimafinansiering er det som betyr mest for mange land som vert råka hardt av klimaendringane.
– For min del kan eg reise heim frå COP til kjølige Noreg og halde fram arbeidet her. Men mange reiser tilbake til område som kjem til å bli hardt råka av El Niño, som vert spådd å kunne ta livet av 450 000 menneske, seier ho.
– Majoriteten vil framover
– Er det noko poeng med COP når ein må bli einig med Russland og Saudi-Arabia?
– Ja, eg trøyster meg med at majoriteten av land har lyst til å gå framover. Det er 130 land som ønsker tydelegare språk om omstilling vekk frå fossile brensel, og som ønsker meir på klimafinansiering, seier ho.
– Sjølv om nokre land bremsar, betyr det ikkje at ein ikkje oppnår noko. Det betyr berre at alle land som vil gjere meir, må ta meir ansvar på heimebane, seier ho.
– Noreg må ta leiarskap
Erfjord håpar at Noreg vil delta på konferansen på Tuvalu til neste år, og meiner noko av det viktigaste Noreg kan gjere i kjølvatnet av COP31 er å lansere eige vegkart og stoppe oljeleitinga, særleg i Arktis.
– Noreg får mykje kritikk for å på den eine sida seie at ein ønsker seg omstilling vekk frå fossile brensel, og på den andre sida leite så aggressivt etter olje, seier ho.
– Og sjølv om det ikkje vart noka slutterklæring på dette møtet, er det inga unnskyldning for å ikkje gjere meir på heimebane. No må verkeleg land som Noreg tore å ta leiarskap, seier ho.







