Utdanning

Eksamen: «Eit tilfeldig lotteri som påverkar resten av livet ditt»

Vi bør stille spørsmålet «Kva er du god til?» oftare enn «Kva er du redd for å kome opp i til eksamen?», skriv Sandra Edith Kalland Tenud, nestleiar i AUF.

Sandra Edith Kalland Tenud
Nestleiar i AUF
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Flaks eller uflaks på eksamen har for mykje å seie for kva moglegheiter du får etter vgs. Det er eit tilfeldig lotteri som påverkar resten av livet ditt.

Politikarar etterspør meir motiverte og mindre stressa elevar. AUF vil ha ei meir rettferdig eksamensordning.

Elevar mistar motivasjonen

I dag blir 20 prosent av elevane på Vg1 på studieførebuande trekte ut til eksamen, resten slepp. Resultatet er at elevar som har gått gjennom det same skuleløpet, kan ende opp med ulikt tal eksamenar og heilt ulike føresetnader for sluttvurderinga.

På Vg3 blir elevane trekte ut i fag dei ikkje sjølve får velje. Ei tapt moglegheit til å la elevar vise kva dei er gode til. I vidare utdanning er det få tilfelle rundt kva du tar eksamen i.

Vi har eit stort problem med at elevar mistar motivasjonen og ikkje fullfører vidaregåande. Då er det merkeleg at vi framleis held fast ved ei eksamensordning der elevane ikkje eingong får velje kva fag dei skal vise kompetansen sin i.

Vi bør stille spørsmålet «Kva er du god til?» oftare enn «Kva er du redd for å kome opp i til eksamen?».

Store konsekvensar

Gjennom eit heilt skuleår har elevar prøver, innleveringar, presentasjonar og andre vurderingar. Lærarane får sjå kva dei kan over tid og i ulike situasjonar.

Forsking frå SSB viser at elevar som blei trekte ut til skriftleg i staden for munnleg eksamen i same fag, hadde over to og ein halv gong så stor risiko for å stryke. Blant elevane som strauk som følgje av dette trekket, hadde om lag halvparten framleis ikkje vitnemål då dei var 25 år. Det er ganske alvorleg at eit tilfeldig eksamenstrekk kan få så store konsekvensar for unge si framtid.

Ikkje greidd ut

Allereie i 2020 drøfta Utdanningsdirektoratet si eksamensgruppe å la elevane velje eksamensfag sjølve innanfor bestemte rammer. I den nye NOU-en om fellesskulen frå august i år blir det peika på at fleire forslag om eksamen og sluttvurdering framleis ikkje er greidde ut vidare.

AUF vil fjerne eksamenstrekket på VG1 og la elevane på VG3 velje kva fag dei skal ta skriftleg eksamen i sjølve. Ein elev som ønskjer å studere realfag, bør kunne velje matematikk. Elevane veit ofte kva fag dei ønskjer å gå vidare med, og bør få større innverknad på eiga sluttvurdering.

Vi vil også at eksamen skal fungere som eit korrektiv til standpunktkarakteren. I staden for at eksamenskarakteren står som ein eigen karakter på vitnemålet, vil vi føre gjennomsnittet av standpunkt og eksamen.

Elevane fortener betre

Elevar skal framleis, gjennom den same undervisninga, vurderast i alle fag og oppfylle kompetansemåla. Kvifor skal det vere eit problem å gi elevane større innverknad på kva fag dei får vise kompetansen sin i til eksamen?

Vi må gjere det vi kan for å auke motivasjonen til å fullføre vidaregåande. Har du kriga deg gjennom 13 år på skulen, fortener du å få vise kva du er god til.