Strukturert arbeid svekkar kreativiteten

Får du ofte høyre at du er ustrukturert? No kan du slå i bordet med at det sannsynlegvis gjer deg meir kreativ.

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskning.no skriv at Marit Engset frå Handelshøyskolen og Høgskolen i Buskerud og Vestfold og Page Moreau frå University of Wisconsin har forska på kva som påverkar kreativiten vår. Kva er til dømes best av å jobbe med strukturerte arbeidsoppgåver eller å vere meir fri?

I studien deltok meir enn tusen bachelorstudentar frå University of Colorado og Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Dei fekk ulike oppgåver av forskarane. I den første oppgåva blei studentane delt inn i tre: Ei gruppe fekk leike fritt med Lego-klossar, ei anna skulle setje saman ein figur basert på ei bruksanvisning og ei kontrollgruppe fekk ikkje leike med Lego. Deretter fikk alle ein kreativitetstest og ein test som måler analytisk tenking. 

Udefinerte og veldefinerte oppgåver
Det viste seg at dei som hadde sett saman figuren gjorde det dårlegare på kreativitetstesten medan dei som hadde leikt fritt ikkje skilte seg frå kontrollgruppa. Gruppene gjorde det midlertidig likt på den analytiske oppgåva.

Engeset og Moreau skil mellom oppgåver som er udefinerte, det vil sei oppgåver utan bruksanvisning, og veldefinerte. Det siste kjenneteiknast av eit klart mål og ein klar framgangsmåte du må følgje.Eit typisk eksempel på det siste er dei moderne byggesetta frå Lego, der alt er planlagt og beskrive ned til minste detalj. 

Avgrensar kreativiteten
Studia til Engeset og Moreau viser at når vi jobbar med slike strukturerte, veldefinerte problem, så brukar vi ein måte å tenke på som avgrensar evna vår til å vere kreative etterpå.

Studia avdekker at det er målet – det vil sei kunnskap om kva som skal oppnåast – som avgrensar kreativiteten, i større grad enn kunnskap om kva metodar som kan nyttast for å løyse problemet.