Den nye leiaren i AUF vil jobbe for ei verd med meir likestilling og moglegheiter.
– Eg skal vere lyttande, samlande og bidra til at unges stemmer blir løfta, slik at Jonas skal høyre på oss når vi kjem med våre viktigaste krav.
Det seier Fawzi Warsame når Framtida.no sin journalist saman med ein OD-elev møter han på kontoret til AUF. Warsame vart vald til ny leiar av ungdomspartiet på landsmøtet 18. oktober.
Der var han spesielt nøgd med at AUF får ein meir konkret politikk på korleis matvareprisar skal ned.
– Den neste kampen opp mot Arbeidarpartiet blir nok definitivt å få dei til å lytte til oss når det kjem til mat, men også mange andre saker. Som å bidra til at vi ikkje skal investere i atomvåpen, men i fellesskapen vår.
Fawzi Warsame
Alder: 27 år
Personleg pronomen: Han
Frå: Sagene i Oslo
Yrke/utdanning: Har studert juss og jobbar som advokatfullmektig
Favorittfag på skulen: Samfunnsfag
Verv: Leiar i AUF, vara på Stortinget, styremedlem i bystyret i Oslo
Medlem i: AUF
Han vil hindre at det blir opna nye område til å leite etter olje og gass, og ha ein skattepolitikk som er meir rettferdig, der dei som har mest også bidrar.
Og han er tydeleg på kva som er dei tre viktigaste sakene for AUF i år: Betre økonomi for unge, å få folk ut i jobb og å få Noreg til å ta ei meir aktiv rolle i verda.
– Eg må legge til ein fjerde. Vi må bidra til at sårbare minoritetar blir beskytta så langt det lar seg gjere. Og at vi bidrar til at ein skal få lov til å kunne leve dei liva ein vil i Noreg, uavhengig av bakgrunn, legning eller tru, i tida som kjem.
Hets som blir eit demokratisk problem
Då det vart klart at Warsame skulle bli den nye leiaren av AUF, kom det mange hetsande kommentarar som baserte seg på hudfargen hans.
– Det var veldig mykje positiv respons, og så er det sjølvsagt nokre der ute som ikkje er like begeistra, men det er ikkje noka overrasking.
Det skjedde ikkje lenge etter AUF varsla politiet om hatmeldingar mot dåverande leiar Gaute Skjervø, og mora til Raud Ungdom-leiar Alexandra Fredwall tok eit oppgjer mot netthetsen dottera opplevde. I same periode gav Marian Hussein i SV beskjed om at hets og trugslar gjorde det vanskeleg å halde fram som nestleiar.
– For meg handlar det om at det er eit demokratisk problem, at unge med minoritetsbakgrunn ikkje får moglegheit til å ytre seg, og dessverre kjenner på at det er så mange som spyr ut hat. Det er noko vi er nøydde til å få bukt med, seier Warsame.
– Uavhengig om det er eg som er leiar i AUF, eller andre som leiar andre ungdomsparti, så skal ein aldri få sine tankar eller meiningar kritiserte på grunn av den hudfargen eller bakgrunnen ein har.
Inspirert av Obama
Warsame ønsker å vere ein leiar som lyttar og ser alle. Ei erfaring han spesielt tek med seg, er levekårsutfordringane han har sett på Sagene i oppveksten.
– Kanskje vi ikkje har dei same problema på Dokka og i Gamvik, men vi har definitivt mange likskapstrekk ved at mange unge kjenner på at pengane ikkje strekker til og at det er vanskeleg å kunne bu der ein kjem frå, seier han.
– Då må vi ha ein politikk som er inspirerande for dei, og som bidrar til at folk kan leve liva dei vil i heile Noreg og verda.
Barack Obama har lenge vore føredømet for AUF-leiaren, men dei siste åra har det kome til yngre amerikanarar som imponerer.
– Eg synest det er veldig gøy å sjå kva Mamdani får til i USA, men eg likar også veldig godt Alexandria Ocasio-Cortez, og eg håpar jo at vi skal få ein kvinneleg president i 2028.
Når Framtida møter leiaren, er han spesielt spent på om mellomvalet 3. november i USA kjem til å peike i rett retning for Ocasio-Cortez, representanten som ofte berre blir kalla AOC.
Prega av Sagene
Oppveksten på Sagene er med inn i politikken på fleire måtar. Warsame meiner det er ein av hovudgrunnane til at han har engasjert seg.
– Der er det lågast levealder, og det kjente eg på kroppen. Det kjente gutta eg gjekk i klasse med på kroppen. Det å ha ein politikk som er med på å bidra til at ein får gode liv, var viktig for meg.
Den politikken inkluderte alt frå gratis skulemat og symjeundervisning til at dei skulle bli tekne på alvor av politikarane som styrte både bydelen og resten av hovudstaden. Det synlege klasseskiljet var avgjerande for kva Warsame valde å engasjere seg i.
Internasjonal solidaritet er den andre grunnen. Han ville ha mindre fattigdom og færre krigar ute i verda.
– Noko vi har sett skjer, men eg vil bidra til at vi som verdas rikaste land gjer meir for å hjelpe til der ute med vår viktige stemme.
Økonomi og internasjonal solidaritet er også ei av hjartesakene til AUF-leiaren.
– At folk skal få betre råd og at vi skal bidra til at verda blir ein litt betre stad for alle menneske der ute, uavhengig om dei veks opp i Bangladesh eller i Noreg, i Malawi eller Bolivia.
Joggeturar i Nordmarka
Heile livet handlar ikkje om politikk for leiaren.
– På fritida er eg glad i å springe og gå tur i Nordmarka. Det er ikkje like fint som andre naturområde i Noreg, men det funkar, seier Warsame.
– Kva er den største tidstjuven i kvardagen?
– Mobilen, definitivt. Mest Instagram og skrolling på nettavisene. Eg har ingen mobilspel på telefonen.
Mobilen er også måten han held seg oppdatert på, ved å gå gjennom avisene og høyre på podkastar. Innimellom kan det også bli ei papiravis.
Om han skal vakne opp til ei draumenyheit, vil overskrifta vere: «All barnefattigdom i Noreg har forsvunne, og vi har klart å få på plass ein fredsavtale i Palestina og Ukraina.»
– Er det ei eller to overskrifter?
– Det er to forskjellige overskrifter, eg klarer ikkje å velje ei av dei, beklagar, smiler han.
Idealsamfunnet ser Warsame for seg er eit samfunn der det ikkje spelar noka rolle kvar du bur, kvar du kjem frå, kven foreldra dine er, og du skal kunne ta den utdanninga som du fortener.
– Det skal ikkje vere nokon forskjell på kvalitet. Du skal kunne ta høgare utdanning, og du skal sleppe å ta høgare utdanning.
Lønna du treng, ferie og kviletida du fortener, er ei sjølvfølgje, der folk får sitje att med meir av pengane sine.
– Mitt idealsamfunn er eit samfunn som er basert på likskap og likeverd, og at det er mogleg å kome seg opp og fram, uavhengig av kva utgangspunktet ditt er.
Fiskeburgar med Mandela
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag?
– Eg ville nok invitert Mandela på middag, og eg ville servert han ein god, norsk fiskeburgar.
Warsame synest Nelson Mandela, som kjempa mot dei diskriminerande raselovane apartheid i Sør-Afrika, har hatt mykje å seie for historia han vaks opp med å lære.
– Han er ein av grunnane til at eg valde å melde meg inn i politikken då. Både han og Obama.

– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?
– Alkymisten av Paulo Coelho, fordi ein lærer mykje om kva slags verdiar ein burde ha i livet, og at ein alltid skal følgje draumane sine.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Å sjå ferdig The Crown, for dei som ikkje har sett ferdig The Crown.
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Det må nok vere «Hvem er hun» av Arif.












