Desse fylka har billigast ungdomsbillett

Kvar i landet får du den billigaste månadsbilletten? Og når går prisen opp att?

Åshild Slåen
Publisert

I fjor la regjeringa inn ekstra pengar i statsbudsjettet til billigare kollektivtransport, som no er synleg i prisane rundt om i landet. Dei forskjellige fylka har kutta i prisane på forskjellige tidspunkt på våren og hausten, og nokre har også kome med eigne pengar frå fylkeskommunen.

Det vil seie at etter 1. november har kollektivtilbodet i Noreg dei lågaste billettprisane på lenge.

Men kvar er det billigast å hoppe på bussen, båten, bana eller trikken, dersom du er ung?

Framtida.no har sjekka dei forskjellige ungdomsbillettane.

Sjå den totale oversikta lenger nede i saka.

Innlandet rundt for ein hundrelapp

Barn og ungdom i Innlandet kan reise uavgrensa på alle lokalbussane i Innlandet for 100 kroner i månaden etter eit priskutt 1. oktober. Billetten gjeld for barn og ungdom frå 6 år til og med 19 år.

Det er den billigaste månadsbilletten for ungdom i heile landet som kan brukast i heile fylket, og inkluderer også Lunner og Jevnaker i Akershus. Billetten gjeld derimot ikkje for toga som går i fylket.

Skal du hoppe på toget kan du oppgradere med ein månadsbillett til 340 kroner, dersom du er mellom 15 og 19 år.

Østfold og Vestfold utfoldar seg i toppen

Med ein månadsbillett til 160 kroner der du kan reise rundt på lokalbussane i heile fylket, er Østfold og Vestfold blant dei billigaste når det kjem til ungdomsbilletten. Billetten gjeld for dei under 20 år.

Her gjeld likevel nokre av dei same avgrensingane som i Innlandet: Om du skal hoppe på toget, må du innom Entur og kjøpe deg endå ein billett.

Oslo og Akershus med fleire framkomstmiddel

I og rundt hovudstaden er det litt dyrare, men det er færre avgrensingar på dei forskjellige tilboda. Barn og ungdom har ein månadsbillett på 199 kroner, der du slepp å skilje mellom offentleg buss, trikk, bane eller tog (med mindre du hoppar på flytoget).

Det er eigentleg to billettar, med ein barnebillett for dei mellom 6 og 17 år, og ein ungdomsbillett for 18- og 19-åringar, men begge kostar like mykje.

Billettane gjeld både for Oslo og Akershus, som vanlegvis er delt opp i forskjellige soner med forskjellig pris, men er du under 20 år, slepp du altså å tenke på det.

Dyrare i nord

Troms har den dyraste ungdomsbilletten, der du med Ungdom Total-billetten kan reise med buss og hurtigbåt i heile fylket for 400 kroner i månaden.

Den same billettvarianten kostar rett nok 499 kroner i nabofylket Finnmark, men der har dei ein billigare variant for dei som berre brukar buss og vanlege ferjer til 299 kroner.

Oversikt over ungdomsbillettar i dei forskjellige fylka

Framtida.no har sett på billettane som gjeld for den største delen av fylket for dei under 20 år.

Forskjellige fylke har forskjellige billettkategoriar og forskjellige sonesystem, men alle har ei form for ungdomsbillett som gjeld i store delar av fylket, sjølv om det varierer om dei også gjeld på til dømes tog og ferje.

Det eksisterer også rabatterte billettar for studentar/lærlingar eller dei som er under 30 år i fylka, men desse billettane er ofte meir bundne til eit eventuelt sonesystem.

  • Innlandet: 100 kroner for 6- til 19-åringar for å reise med lokalbuss i heile fylket, og i kommunane Lunner og Jevnaker. Billetten gjeld ikkje for tog, då må du betale 340 kroner.
  • Vestfold: 160 kroner for 6- til 19-åringar. Billetten gjeld på lokalbussar, men ikkje på tog.
  • Østfold: 160 kroner for 6- til 19-åringar. Billetten gjeld på lokalbussar, men ikkje på tog.
  • Oslo og Akershus: 199 kroner for å bruke trikk, t-bane, bussar og ferjer som blir køyrd av Ruter, og tog som ikkje er flytoget. Barnebilletten for dei mellom 6 og 17 år, og ungdomsbilletten for 18- og 19-åringar har same pris.
  • Rogaland: 225 kroner for U23-billetten, som gjeld dei under 23 år, på dei aller fleste bussar, togstrekningar og ferjer i fylket. Billetten låser i tillegg opp bysyklar i 15 minutt.
  • Nordland: 240 kroner for å reise med både buss og hurtigbåt. Månadsbilletten gjeld for dei frå 6 til 25 år, og inkluderer dermed den eldste gruppa i ungdomsbilletten sin.
  • Agder: 239 til 254 kroner for ein månadsbillett som gjeld for tre soner eller meir, der den billigaste billetten er for 6- til 17-åringar, og den dyrare for 18- og 19-åringar. Billetten gjeld ikkje for togtilbodet i fylket.
  • Buskerud: 250 kroner for månadsbillett på buss for 6-åringar til 19-åringar. Nokre vaksne elevar på vidaregåande kan få billetten til dei er 24 år, og han gjeld på både lokalbussar og lokaltog i heile fylket.
  • Vestland: 252 kroner for ein månadsbillett for 16- til 20-åringar som inkluderer både buss, bybane, tog og båt i heile fylket, med nokre unnatak på visse båtstrekningar, og på nokre ekspressbussar rundt Bergen.
  • Trøndelag: 265 kroner for ein månadsbillett for 16- til 19-åringar, og dei under 16 år dersom dei går på ein vidaregåande skule. Billetten gjeld i heile fylket på buss, trikk, hurtigbåt, tog i sone A, og nattbuss og -trikk.
  • Møre og Romsdal: 273 kroner for ein månadsbillett for dei under 21 år. Billetten gjeld på bussane og hurtigbåtane i det offentlege kollektivtilbodet i heile fylket.
  • Telemark: 290 kroner for 6- til 19-åringar for å reise med lokalbussen i heile fylket. Dersom du derimot berre vil reise i Grenland, eller i resten av Telemark, utanom Grenland, er det berre 145 kroner.
  • Finnmark: 299 kroner for Ungdom Pluss-billetten for dei frå 6 til 19 år. Billetten gjeld på alle lokalbussane i heile fylket, men ikkje på hurtigbåt. Hurtigbåtane er derimot inkludert i Ungdom Total-billetten for 499 kroner. Vanlege ferjer er gratis for alle i Finnmark.
  • Troms: 400 kroner for Ungdom Total-billetten for dei mellom 16 og 19 år. Billetten gjeld både på lokalbussane og på hurtigbåt. Billetten er billigare enn den same varianten i Finnmark, men dei har ikkje eit billigare alternativ som berre inkluderer buss.

Landet rundt for 3500 kroner

Dei aller fleste fylke har ungdomsbillettar for under 300 kroner.

Etter 1. november er det altså mogleg for ein 19-åring å reise ein månad rundt omkring på lokalbussane i heile Noreg for 3572 kroner til saman, dersom du har eit mål om å besøke alle dei 15 fylka i landet vårt.

Om du då også kan kome deg innom alle dei 357 kommunane våre, er meir usikkert, sidan kollektivtilbodet er ganske varierande.

Den prisen kjem ikkje til å halde i all æve.

Det er ikkje lagt inn meir pengar til det statlege kuttet i det nye budsjettforslaget frå regjeringa, og førebels kjem ikkje prisane til å vare lenger enn våren 2027, med varierande slutt ut frå når fylka kutta prisen.