Åtte universitet søkjer om kjønnskvotar for menn
Åtte universitet søkjer om kjønnskvotar på 19 studium i opptaket neste år. Alle søknadene gjeld studium der menn er underrepresenterte.
Det er ikkje komme inn søknader om kjønnskvotar på studium der kvinner er i mindretal, skriv Khrono.
Søknadene vil bli behandla mot slutten av november, opplyser Kunnskapsdepartementet.
Universitetet i Agder (UiA) og Universitetet i Oslo (UiO) søkjer om flest kvotar, med fire studium kvar. Mellom anna ønskjer UiO kjønnskvotar på tannpleie og psykologi.
– Målet er å få fleire kvalifiserte mannlege studentar utan å senka dei faglege krava. Dette kan styrkja læringsmiljøa, bidra til større mangfald i dei aktuelle profesjonane og gi betre tenester til ulike brukar- og pasientgrupper, seier studiedirektør Audun Digerud til Khrono.
Det er Universitetet i Stavanger som søkjer om den største kvoten – 50 prosent på tollarutdanninga.
Kvoteordninga fungerer slik at begge kjønn må vera representerte med ein gitt prosentdel, før resterande plassar blir fordelte på ordinært vis etter karakter. Søknadene vil bli behandla mot slutten av november, opplyser departementet.






