Universitetet Cornell forbyr «fraternity»-festar ut året
Cornell stoppar alle festar og sosiale samlingar i studenthus ut studieåret, etter massive protestar på universitetet.
Universitetet Cornell har stoppa alle festar hjå studentbrorskap, såkalla fraternities, ut studieåret 2026–2027. Det skriv Al Jazeera.
Dei omfattande endringane blei kunngjorde tysdag, etter store protestar mot universitetets handtering av valdtektsskuldingar frå ein kvinneleg student.
🏫 Cornell-saka
Ei kvinne, kjent som «Jane Doe», seier ho blei dopa ned og valdteken av sju menn i oktober 2024.
Mennene var medlemmar av studentbrorskapet Chi Phi, eit såkalla «fraternity», på eliteskulen Cornell i New York.
Kvinna har no gått til sak mot universitetet og dei sju mennene. Ho melde saka til politiet den gongen, men meiner universitetet korkje beskytta ho eller tok skuldingane på alvor.
Saka har ført til store protestar.
Universitetets rektor Michael I. Kotlikoff opplyser at det er «nulltoleranse» for brot på forbodet. Studentbrorskap som ikkje overheld forbodet, får drifta si sett på pause.
– Vi må møte denne situasjonen med å erkjenne kor vi har svikta, og sette i verk konkrete tiltak, skreiv Kotlikoff i eit brev til campus på tysdag.
Ifølge VG er ein tredjedel av studentane på Cornell med i fraternities.
🏫 Kva er eit «fraternity»?
Eit fraternity er i USA eit studentfellesskap for menn (i motsetning til sorority for kvinner). Dei har ofte eigne lokale der medlemmane kan bu.
På nokre universitet er studentfellesskapa høgt rekna, medan dei andre stader har låg status eller er forbodne.
Fleire tiltak skal innførast, inkludert ei styrking av responsen på seksuelle overtramp. Ein eigen saksbehandlar skal hjelpe folk utsette for seksuelle overgrep gjennom rapporteringsprosessen.
I tillegg skal etterforskinga av Cornell-saka overførast frå universitetets eiga politieining, til uavhengige, traume-spesialiserte etterforskarar frå staten New York sin politistyrke. Universitetet seier dei ønskjer å endre måten seksuelle overgrep vert handtert, og gjenopprette fellesskapet sin tillit.






