Volda er årets nynorskkommune
Prisen går til ein kommune som sørger for at nynorsken er med frå krybbe til grav, ifølgje juryen.
Juryen var overraska over at Volda ikkje hadde vunnen prisen før.
– Kjennskapen til det solide arbeidet kommunen har gjort for og på nynorsk gjennom mange år, har kanskje gjort at ein har rekna med at dei alt hadde mottatt denne kåringa, skriv dei i grunngjevinga si.
Prisvinnaren jobbar aktivt med at næringslivet skal bruke nynorsk, at nynorsken skal følgje innbyggarane heile livet, og at nynorsk litteratur skal stå sterkt, ifølgje juryen.
Årets nynorskkommune
Ein pris som blir delt ut av Kultur- og likestillingsdepartementet.
Representantar frå Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS sit i juryen.
Juryen vel anna kvart år (frå 2022) ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på nynorsken.
Prisen er på 200 000 kroner.
I 2026 har juryen lagt særleg vekt på arbeidet dei nominerte gjer med lesing og litteratur.
– Ein kan vel seie at nærare utgangspunktet for nynorsk litteratur er det vanskeleg å kome. Dei fyrste tankane om eit nynorsk skriftspråk kom kanskje ved ei boksamling i denne kommunen, skriv dei.
Boksamlinga frå Volda av Sivert Aarflot kan nemleg ha inspirert ein ung Ivar Aasen, sjølvaste faren til nynorsken, meiner juryen.
Dei trekker òg fram prosjektet «Nynorsk leseperiode», som kommunen har hatt for ungdomsskulen i snart tjue år.
Juryen gir også heiderleg omtale til Øygarden kommune for deira utvikling av Copilot-agenten Ordsmed-Ivar, som skal hjelpe dei tilsette med å skrive betre nynorsk.
Tidlegare vinnarar av prisen er Kvam herad (2024), Vestland fylkeskommune (2022), Ål (2021) og Voss herad (2020).






