Fylkesrådet vil kutte IB-linja på Ås vgs.: – Sinte og skuffa

Fylkesrådet forsvarar nedlegginga med låge søkartal og bevaring av dei to andre IB-linjene i fylket. – Det er diskriminerande at nokre elevar blir fråtekne eit tilbod som andre får behalde, meiner lærar.

Mia Huse
Publisert

– Læraren min byrja historietimen i dag med å seie at linja skal bli lagt ned, seier 18 år gamle Pija Arktander Hjemaas på telefon til Framtida. Ho går tredje året på IB-linja til Ås vgs.. Ho er også styreleiar i Follo Raud Ungdom.

Hjemaas seier at ho, medelevane og fleire lærarar er sinte og skuffa over avgjerda.

I budsjettforslaget til fylkesrådet i Akershus for 2027 kjem det fram at IB-linjene på Lillestrøm og Nesbru videregående skole skal bli bevarte. Det inneber at linja på Ås skal bli fasa ut som planlagt, altså i laupet av 2029.

International Baccalaureate (IB)

IB-programmet er eit akademisk utfordrande laup som går føre seg på engelsk.

Ås vidaregåande skule har tilbode International Baccalaureate Diploma Programme (IBDP) sidan 1997.

22 skular i Noreg tilbyr IBDP, altså IB for elevar på vidaregåande skule.

Pensum og eksamen er heilt lik for alle IB-elevar i verda.

Programmet skal fremme internasjonal forståing og gjere elevane til gode samfunnsborgarar, i tillegg til å gjere dei ekstra førebudde til studium.

IB-vitnemålet, også kalla diploma, kvalifiserer elevane til opptak ved universitet i båe Noreg og utlandet.

Kjelde: Ås VGS og International Baccalaureate.

 

Fyrst ynskte fylkesrådet å legge ned IB-linjene på alle dei tre skulane som tilbyr ho i Akershus. No vil dei berre legge ned linja på Ås.

Godt klassemiljø

Portrettbilete av jente som smiler til kameraet.

Pija Arktander Hjemaas (18) er veldig skuffa over at fylkesrådet vil leggje ned IB-linja på Ås vidaregåande skule. Foto: Privat

– Me er aller mest sinte på vegner av dei som ynskjer å ta IB i framtida. Dei har lova oss å fullføre, men dei er ikkje tydelege på korleis det skal gå med dei neste kulla, seier Hjemaas.

På spørsmål om kvifor ho er så skuffa, svarar Hjemaas at ho opplever IB-klassa si som svært mangfaldig.

– Me har eit godt samhald. Alle er venar, på tvers av kjønn, seksualitet, religion og politiske meiningar.

Ho trekker også fram det ho opplever som eit veldig godt klassemiljø.

– Me har valt IB fordi me bryr oss om kva me lærer, og det skaper eit veldig bra miljø for både elevar og lærarar.

– Diskriminerande

Marie Lund Alveberg har undervist på IB-linja til Ås vgs. i ti år. Ho fortel at både ho og elevane er frustrerte, sinte og lei seg, og ho reagerer på prosessen og avgjerda til fylkesrådet.

– Me har i mange år blitt utsette for ekstremt mykje usikkerheit frå fylkespolitisk hald. Dei byrja å snakke om å leggje ned linja for fire år sidan, seier ho.

Alveberg reagerer aller mest på at tilbodet blir fjerna for berre elevane tilknytt Ås vidaregåande skule, mens Nesbru og Lillestrøm får behalde sine IB-linjer.

Ei blond dame smiler til kameraet.

Marie Lund Alveberg er historielærar og har undervist på IB-linja til Ås vidaregåande skule i ti år. Foto: Privat

– Ein kan hevde at det er direkte diskriminerande at nokre elevar blir fråtekne eit tilbod som andre elevgrupper får behalde. Eg meiner det er ganske alvorleg, og eg skjøner ikkje kva grunngivinga er, seier ho.

Ho fortel at fylkestingspolitikarane har meint at rekrutteringsgrunnlaget på Ås har vore svakare enn i Asker og på Nedre Romerike. Samtidig meiner Alveberg at rekrutteringa har vore svakare nettopp fordi fylkestinget har diskutert nedlegging i så mange år.

– Det er ikkje rart at folk ikkje tør å søke seg til IB-linja, når me ikkje veit om IB-linja eksisterer om to år.

Dobbelt så dyrt

Lasse Aasan Lehre (H) er fylkesråd for opplæring og kompetanse i Akershus.

Han skriv til Framtida på e-post at IB-linja på Ås videregående skole vart vedtatt nedlagd av fylkestinget under budsjettforhandlingane i desember i fjor.

Bakgrunnen for vedtaket var at det hadde vore noko lågare søknadstal over tid, samtidig som mange elevar ikkje fekk plass på ordinær studiespesialisering.

– I 2026 var det 243 søkjarar til 150 plassar på Vg1 studiespesialisering på Ås. Ved å bruke tidlegare pre-IB-kapasitet på ei klasse i studiespesialisering, kan Ås få 180 Vg1-plassar på studiespesialisering og dermed møte noko av den etterspurnaden som elevane viser i søkinga si. Det er ikkje kapasitet på Ås til å oppretthalde båe tilboda, skriv han.

Mann med slips smiler til kameraet

Lasse Aasan Lehre (H) er fylkesråd for opplæring og kompetanse i Akershus fylkeskommune. Foto: Thomas Buikema Fjærtoft/Akershus fylkeskommune

Lehre skriv at ei IB-klasse kostar nesten dobbelt så mykje som ei klasse i studiespesialisering, og at dei dermed kan gi fleire elevar eit betre tilbod ved å leggje ned IB-linja.

På spørsmål om kvifor det berre er IB-linja på Ås som blir lagd ned, svarer han at det har vore betre søkartal på IB-linjene til Lillestrøm og Nesbu, og at desse har kapasitet til å kunne fortsette å tilby linja.

– I Akershus har alle elevar rett til fritt skuleval, noko som betyr at alle elevar i Follo framleis har moglegheit til å søkje seg til dei to resterande IB-linjene.

Han skriv også at elevane som allereie går på IB på Ås, sjølvsagt får fullføre studielaupet dei har byrja på. I budsjettet til fylkeskommunen blir det lagt opp til gradvis utfasing, og siste opptak til IB på Ås blir for skuleåret 2027/2028.

Siste elev er ferdig våren 2029.

– Noregs framtid

IB-elev Hjemaas meiner budsjettkutt ikkje kan forsvare å kutte linja.

– Det er viktig å prioritere utdanninga til unge. Me er Noregs framtid.

Ho fortel at ho har sett veldig pris på IB-tilbodet, og at ho ikkje hadde lyst til å byrje på vidaregåande skule før ho fekk vite om tilbodet.

Hjemaas trekker også fram kor viktig det har vore for henne og medelevane å ha eit undervisningstilbod på engelsk.

– Mange på IB er innvandrarar, og det er ikkje sikkert dei hadde klart å ha vanskelege fag som naturfag og matematikk på norsk. Men dei burde jo få lov til å lære seg dei tinga uansett.

Ho meiner også at det er viktig med eit IB-tilbod på offentlege skular.

– Privatisering kan jo føre til at mange elevar som vil gå IB, ikkje får moglegheita til det, seier ho.

Hjemaas er glad i faga ho har på IB som ikkje finst på studiespesialisering.

– Me har til dømes eit fag kor me gjer velgjerd og eit djuptgåande filosofifag. Me går meir i djupna, og det er meir akademisk utfordrande.

Kan framleis gå IB

Fylkesråd Lehre er einig i at IB er eit viktig tilbod som bør finnast i Akershus.

– Det er grunnen til at dei to tilboda på Nesbru og Lillestrøm blir oppretthaldne, skriv han.

Han er ueinig i at nedlegginga er diskriminering av elevane i Follo.

– Det er fylkestinget som vedtar kva for linjer som skal liggje kor i Akershus, og me har ikkje moglegheit til å tilby dei same linjene eller faga på alle skulane i fylket.

Når det kjem til Alvebergs kritikk om uføreseielegheit, skriv Lehre at det var det Arbeidarparti-leia fylkesrådet i Viken som hadde ansvaret for Ås videregående skole for fire år sidan, og at han ikkje kan kommentere deira vurderingar.

– Men so vidt eg veit har det aldri vore noko forslag frå det noverande fylkesrådet i Akershus om å leggje ned IB på Ås før det blei ein del av budsjettet i fjor haust, skriv han.

Til slutt understreker han at det er fritt skuleval i Akershus, noko som gjer at elevar i Follo framleis kan søkje seg inn på IB-linjene på Nesbru og Lillestrøm.