Politikk og samfunn

«Treng ein verkeleg førarkort for å gjere ein god jobb som samferdselsminister?»

– Bur landbruksministeren på ein gard? Har barne- og familieministeren faktisk barn og familie, spør Anastasiia Myrvoll.

Anastasiia Myrvoll
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Anastasiia Myrvoll er med i det politiske utvalet for kjønnsrettferd i KFUK-KFUM Global, men skriv dette innlegget som privatperson. Teksta er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Må ein samferdselsminister ha førarkort?

Eg synest vi må byrje å stille nokre andre spørsmål. Bur landbruksministeren på ein gard? Har barne- og familieministeren faktisk barn og familie? Kor mange gonger i veka går miljøministeren på tur?

Høyrest det litt absurd ut? Det gjer det for meg òg. Men kva er eigentleg skilnaden når aviser, samfunnsdebattantar og sinte folk på Facebook gjer eit stort poeng ut av at den nye samferdselsministeren vår, Kamzy Gunaratnam, ikkje har førarkort? Treng ein verkeleg førarkort for å gjere ein god jobb som samferdselsminister? Eller skal ein berre kritisere for å kritisere?

Det same mønsteret ser eg når journalistar stadig må trekkje fram alderen til Frøya Skjold Sjursæther kvar gong ho uttaler seg. Då Skjold Sjursæther kom inn på Stortinget som den yngste representanten i historia, grudde eg meg faktisk til å opne kommentarfelta i sosiale medium under artiklar om noko Frøya hadde sagt dei første vekene. Det var ikkje nødvendigvis argumenta hennar som vart diskuterte. Det var alderen hennar.

No ser eg mykje av det same etter at Kamzy Gunaratnam vart presentert som ny samferdselsminister. Plutseleg har førarkortet hennar vorte ein viktigare del av historia enn politikken ho skal føre. Det synest eg vi bør reagere på.

For om vi byrjar å krevje at landbruksministeren må vere bonde, barne- og familieministeren må ha barn og samferdselsministeren må ha førarkort, kvar endar vi då?

Kanskje det på tide å slutte å leite etter useriøse grunnar til at enkelte menneske ikkje passar inn i politikken. For ja: Det er framleis ei tøff tid å vere kvinne i norsk politikk.